Kirker og trossamfunn
  • Møre bispedøme
  • HR-leiar/Avdelingsleiar HR og organisasjonsutvikling

    Fast
    Søknadsfrist: 12.08.2026
    HR-leiar/Avdelingsleiar HR og organisasjonsutvikling

    Det er ledig stilling som HR-leiar/Avdelingsleiar HR og organisasjonsutvikling ved Møre bispedømekontor.

    Vi søkjer etter ein HR-leiar som har framtidsperspektiv og gjennomføringsevne.

    Møre bispedømekontor er felles administrasjon for biskop og bispedømeråd. Kontoret og er i Molde og er i ferd med å flytte til Moldetrappa 2 i Romsdalskvartalet. Bispedømekontoret har omlag 9 årsverk og er organisert i to avdelingar med kvar sin leiar – «Kyrkjefag og samfunn» og «HR og organisasjonsutvikling».

    HR-leiar vil ha ei strategisk rolle med ansvar for å leie og utvikle HR- og arbeidsgjevaransvaret på vegner av biskop og bispedømeråd i nært samarbeid med stiftsdirektør og prostane i bispedømmet. HR-leiar vil ha ansvar for å koordinere HR-arbeidet i bispedømet, samarbeide med Kyrkjerådet si HR avdeling og dei nasjonale teama innan løn og økonomi. HR-avdelinga består for tida av ein leiar og to HR-rådgjevarar. HR-leiar er del av leiargruppa på bispedømekontoret.

    Møre bispedømeråd har arbeidsgjevaransvar for omlag 75 prester fordelt på 5 prosti og dei tilsette på bispedømekontoret. Samarbeidet med 26 kyrkjeverjer i dei kyrkjelege fellesråda er svært viktig.

    Møre bispedøme står framfor store oppgåver, både administrativt og organisatorisk, gjennom utvikling og arbeid innan bispedømet sin arbeidsgjevarpolitikk, personapolitikk og ressursforvaltning.  Arbeidet med kyrkjeleg organisering på nasjonalt og regionalt nivå vil verke inn på fagområdet.
    Fleire opplysningar kan du finne på www.kyrkja.no/more eller ved kontakt med stiftsdirektør Bjørn Olaf Storhaug.

    Arbeidsoppgåver

    • Strategisk og operasjonelt ansvar for HR feltet og organisasjonsutvikling i Møre bispedøme.
    • Rådgjeving og støtte i HR-relaterte spørsmål til kyrkjelege leiarar i Møre bispedøme.
    • Planlegging og gjennomføring av partsarbeid etter Hovudavtalen og kontaktmøter med tillitsvalde
    • Planlegging og gjennomføring av vernearbeid etter Arbeidsmiljølova, herunder Regionalt Arbeidsmiljøutval, Helse, Miljø og Tryggleik,  samt arbeid med likestilling, inkludering og mangfald i bispedømet.
    • Sørge for at interne og lovpålagde rutiner samt andre lover og avtaleverk innan HR-feltet vert etterlevd.
    • Utvikle strategi, planar og rapportering innan arbeidsområdet.
    • Rekruttering til kyrkjeleg teneste
    • Oppfølging gjennom livsløpet for arbeidsforholdet, herunder kompetanseutvikling og arbeidsvegleiing.
    • Innføring og opplæring i HR-politikk, retningslinjer og bruk av HRM-system.
    • Handtering av personal- og konfliktsaker.
    • Oppfølging av varsling og avvik.
    • Gjennomføring, oppfølging og rapportering av medarbeiderundersøkingar.

    Kvalifikasjonar

    • God kjennskap til Den norske kyrkja sin organisasjon og forankring i kyrkjeleg verksemd.
    • Høgare utdanning med relevans for stillinga.
    • Leiarerfaring og erfaring frå HR-relatert arbeid.
    • Kjennskap til HRM-system og offentlege sakshandsamings- og arkivsystem.
    • Den som vert tilsett må vere medlem av Den norske kyrkja.
    • Møre bispedøme har nynorsk målform i administrasjonen, og du må opplyse om du kan nytte begge målføre.
    • Må disponere eigen bil då det er aktuelt med noko reise i tenesta.

    Personlege eigenskapar

    • Forstå tilhøve mellom kyrkje, kultur og samfunn.
    • Trygg i møte med komplekse saksforhold.
    • God relasjonsbyggar på tvers av nivå og einingar
    • Gjennomføringsvevne i endrings- og utviklingsarbeid
    • Inspirere, motivere og vere ein samlande kulturbyggar.
    • Personlege eigenskapar vil bli vektlagde

    Vi tilbyr

    • Ei nøkkelrolle i utviklinga av Den norske kyrkja i Møre
    • Mogleigheit til å påverke organisasjon, kultur, og arbeidsgjevarpolitikk
    • Godt arbeidsmiljø i eit fagleg sterkt kollegium
    • Stillinga vert løna etter hovudtariffavtalen i KA, stillingskode 1407 Avdelingsleiar.
    • Innskot i KLP. Godtgjerdsler og tilskot etter dei vilkår som til kvart tid er fastsette.
    • Den som vert tilsett, må rette seg etter endringar i lover, tariffavtalar, særavtalar, reglement mv, og andre avgjerder som kan ha verknad på oppgåver i tenesta.

    Anna:

    Det er innført prøvetid på 6 månader for alle faste tilsette

    Vi forventar oppmøte og tilstedeværelse med utgangspunkt i Møre bispedømmekontor.

    Den norske kyrkja skal være ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av etnisitet, alder, kjønnsidentitet, funksjonsevne eller legning. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søke.

    Det vil bli utarbeida offentlig søkjarliste etter offentleglova § 25, jf. Kirkeordning for Den norske kirke § 42. Anmodning om å få namnet sitt unnateke frå denne må grunngjevast i søknaden. Behandlingsgrunnlag etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b.

    Arbeidssted: Møre bispedøme, Moldetrappa 1, 6415 Molde

    Kontaktinformasjon:

    Stiftsdirektør: Bjørn Olaf Storhaug
    Tlf: 928 10 040