Kirker og trossamfunn
  • Bjørgvin bispedøme
  • Sokneprest i Hardanger og Voss prosti med Ullensvang sokn som tenestestad

    Fast
    Søknadsfrist: 06.09.2026
    Sokneprest i Hardanger og Voss prosti med Ullensvang sokn som tenestestad

    Vil du vere prest mellom fjord, fjell og frukthagar?

    Ullensvang sokn søkjer ein engasjert og relasjonsbyggjande sokneprest som ønskjer å vere ein synleg del av lokalsamfunnet og utvikle ei levande folkekyrkje.

    Her får du teneste i eit av dei vakraste kulturlandskapa i Noreg. Med Hardangerfjorden, fruktbløming, høge fjell og sterke kulturtradisjonar som ramme får du høve til å vere prest i ei bygd der kyrkja har ein naturleg plass i livet til mange menneske.

    Ei levande kyrkje

    Ullensvang sokn er ein del av Ullensvang kyrkjelege fellesråd, med åtte sokn og ein kompetent og engasjert stab. Vi legg vekt på samarbeid, openheit og eit godt arbeidsmiljø, og har verdiane tryggleik, tillit og tolmod som grunnlag for arbeidet vårt.

    Ullensvang kyrkje er ei vakker mellomalderkyrkje med lange tradisjonar og eit rikt gudstenesteliv. Soknet har eit aktivt barne- og ungdomsarbeid, gode frivillige medarbeidarar og ønskjer å utvikle kyrkjelyden vidare i samarbeid med soknepresten. Soknepresten har tilgang til kontor i det gamle heradshuset i Kinsarvik i lag med sekretær, kyrkjelydspedagog og soknepresten i Kinsarvik. Det er tilsett diakon i fellesrådet.

    I Hardanger og Voss prosti er det 15 prestar. Prosten leier prestetenesta og kallar jamleg inn til konvent for åndeleg fellesskap, sosialt samvære og fagleg fordjuping. Ofte står prestane sjølve for faglege innspel til drøfting mellom kollegar.

    Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via Webcruiter.

    Arbeidsoppgåver

    • Leie gudstenester og kyrkjelege handlingar
    • Forkynne evangeliet og vere ein nær prest for menneske i alle livsfasar
    • Delta i trusopplæring og konfirmantarbeid
    • Samarbeide tett med sokneråd, tilsette og frivillige
    • Bidra til utvikling av kyrkjelyden
    • Ta del i prestetenesta i prostiet etter gjeldande ordningar for tenesteveker og beredskap

    Kvalifikasjonar

    • Cand.theol. med praktikum eller tilsvarande/master i teologi med praktikum
    • Medlemskap i Den norske kyrkja

    Personlege eigenskapar

    • har eit varmt engasjement for kyrkja sitt oppdrag
    • er trygg i forkynning og liturgi
    • trivst med samarbeid og relasjonsbygging
    • ser moglegheiter og ønskjer å utvikle kyrkjelyden saman med medarbeidarar og frivillige
    • møter menneske med openheit, omsorg og respekt
    • evne og vilje til samarbeid
    • Søkjar må kunne samarbeide liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologisk usemje

    Vi tilbyr

    • Stillingskode 1555 sokneprest etter KA sitt tariffområde
    • Medlemskap i kollektiv pensjonsordning KLP
    • Reiseutgifter godtgjort etter gjeldande regulativ
    • Til løna kjem særskilte regulativmessige godtgjersler
    • Arbeidsrettleiing (ABV)
    • eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
    • eit sterkt fagleg fellesskap med prestane i Hardanger og Voss prosti

    Andre opplysningar

    Søkjar bør ha førarkort klasse B og disponere bil.

    Bjørgvin bispedøme skal vere ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, seksuell orientering og funksjonsevne. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke.

    Det vil bli utarbeida ei offentleg søkjarliste etter offentleglova § 25, jf. kyrkjeordning for Den norske kyrkja § 42. Dersom du ønskjer unntak for denne, må du grunngje det i søknaden. Søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om unnatak. Grunnlag for handsaming etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g.

    Den som blir tilsett må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest) jf. politiregisterloven § 39 jf. trossamfunnsloven § 20.

    Arbeidssted: Ullensvang, Norge

    Kontaktinformasjon:

    HR-sjef i Bjørgvin bispedøme: Therese Nesse Mokkelbost
    Tlf: 936 12 276

    Prost i Hardanger og Voss: Arild Hellesøy
    Tlf: 906 99 533