
Vi har ledig stilling som kapellan i Åsane prosti med Arna sokn som tenestestad.
Vi ser etter ein prest som ynskjer å delta i kyrkjelyden sitt arbeid med å tilby opne og inkluderande møtestader på kvardagar og eit rikt og variert gudstenesteliv på søndagar.
Vil du bidra inn i dette arbeidet saman med tilsette, folkevalde og frivillige?
Vi har god oppslutning om gudstenestene i soknet. Faste gudstenestegrupper deltek i førebuing og gjennomføring, og vi har kyrkjekaffi etter gudstenestene.
Vi er ein aktiv kyrkjelyd som mellom anna inviterer til babysong, open barnehage, familiekor og Klubben for alle. Ungdomsarbeidet er i vekst og utvikling.
Staben er sett saman av sokneprest, kapellan, kateketar, kantor, kyrkjetenarar, barnehagetilsette, vertskap, ungdomsarbeidar og dagleg leiar.
Arna kyrkje ligg sentralt plassert like ved handelssenter og togstasjon. Kyrkja er ei lys og vakker steinkyrkje frå 1865. Like ved kyrkja ligg Arna kyrkjelydshus, med gode lokale for eit breitt spekter av tiltak for ulike aldersgrupper. Kyrkjelydshuset inneheld også tenlege kontorplassar for dei tilsette i Arna og Ytre Arna kyrkjelydar. I tillegg er det eit lite kapell i soknet.
Arna sokn ligg i Arna bydel, sju minutt med tog til Bergen sentrum. Bydelen er ei blanding av drabantby og industri- og bygdesamfunn. Folketalet i soknet er rundt 11 000, kor om lag 7300 er medlemmer av Den norske kyrkja.
Soknet er ein del av Åsane prosti som består av sokna Arna, Biskopshavn, Eidsvåg, Salhus, Ytre Arna, Åsane og sokna på Osterøy. Dessutan er to fengselsprestar knytt til prostifellesskapet, som totalt er 17 prestar. Etter nærare avtale med prosten samarbeider prestane i Arna, Ytre Arna og på Osterøy om ein del tenester.
Les meir om Arna sokn her: https://kirken.no/arna.
Skrift- og liturgispråk i Arna er nynorsk.
Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via Webcruiter.
Arbeidsoppgåver
- kyrkjelege handlingar og gudstenester etter oppsett plan
- deltaking i konfirmantarbeid
- medansvar og deltaking i ungdomsarbeid
- samarbeid med barnehagar og skular
- deltaking i diakonalt arbeid, som opne møtestader
- enkelte institusjonsandakter og kveldsgudstenester
- beredskap etter gjeldande ordning i Den norske kyrkja
Kvalifikasjonar
- Cand.theol. med praktikum eller tilsvarande/master i teologi med praktikum
- Medlemskap i Den norske kyrkja
Personlege eigenskapar
- kommuniserer godt med breidda i folkekyrkja og ungdom spesielt
- er allsidig og trygg, kan skape gode relasjonar og byggje tillit
- har evne og vilje til samarbeid
- tar initiativ, liker å jobbe med utvikling og ikkje er redd for å prøve nye ting
- har evne til å arbeide ryddig og sjølvstendig
- Søkjar må kunne samarbeide liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologisk usemje
Vi tilbyr
- stillingskode 0922 kapellan etter KA sitt tariffområde
- Medlemskap i kollektiv pensjonsordning KLP
- Reiseutgifter godtgjort etter gjeldande regulativ
- Til løna kjem særskilte regulativmessige godtgjersler
- Arbeidsrettleiing (ABV)
Andre opplysningar:
Søkjar bør ha førarkort klasse B og disponere bil.
Bjørgvin bispedøme skal vere ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, seksuell orientering og funksjonsevne. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke.
Det vil bli utarbeida ei offentleg søkjarliste etter offentleglova § 25, jf. kyrkjeordning for Den norske kyrkja § 42. Dersom du ønskjer unntak for denne, må du grunngje det i søknaden. Søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om unnatak. Grunnlag for handsaming etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g.
Den som blir tilsett må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest) jf. politiregisterloven § 39 jf. trossamfunnsloven § 20.
Arbeidssted: Arna, Bergen
Kontaktinformasjon:
HR-sjef i Bjørgvin bispedøme: Therese Nesse Mokkelbost
Tlf: 936 12 276
Prost i Åsane: Leif Endre Grutle
Tlf: 976 29 150
