Sokneprest i Søre Sunnmøre prosti, med sokna i Herøy som særskild tenestestad

Møre bispedømme

Det er ledig stilling som sokneprest i Søre Sunnmøre prosti, med særskilt teneste i sokna Herøy, Indre Herøy og Leikanger.

Vi søkjer etter ein prest som trivs med å arbeide tverrfagleg som ein del av ein stor kyrkjestab, men også kan arbeide sjølvstendig, der det trengs. Det er 3 sokn og 3 kyrkjer i Herøy kommune/ fellesrådsområde: Leikanger, Indre Herøy og Herøy.
I Herøy arbeider vi med heilskapeleg tenkning kring både gudstenesteplanlegging, diakoni, kyrkjemusikk og trusopplæring.

Dei to prestane som gjer teneste i fellesrådsområdet, deler tenesteveker og andre oppgåver seg imellom, men den eine soknepresten er koordinerande sokneprest for heile Herøy. Det er den andre soknepreststillinga som er ledig no. Begge sokneprestane sit i sokneråd. Vi har to flotte rikt utsmykka trekyrkjer (Leikanger kyrkje og Indre Herøy kyrkje) som er gode til kyrkjelege handlingar og konsertar. Så har vi ei arbeidskyrkje som heiter Herøy kyrkje.

Herøy kyrkje er kanskje «Norges mest mangfaldige kyrkje», ei kyrkje som er i bruk kvar dag og fleire gonger om dagen. Her er ein aktiv og levande kyrkjelyd med eit rikt song og musikkliv, mellom anna kyrkjekor og eit nystarta Knøttekor. Kyrkjelyden har eit godt samarbeid med andre organisasjonar i lokalsamfunnet og den vidaregåande skulen som ligg like ved Herøy kyrkje.

Herøy er ein øy-kommune, og midt i Herøyfjorden ligg øya Herøy som er «Nøkkelstad på Kystpilegrimsleia». Det betyr at prestane har også fokus på å vere med å vidareutvikle pilegrimstilbodet på nøkkelstaden.

Kyrkjelydane ynskjer å vere ein plass der alle kjenner seg velkomne! Den kyrkjelege administrasjonen i kommunen er samlokalisert på kyrkjekontoret i Herøy kyrkje, nær Fosnavåg sentrum. Staben utgjer elles diakon, kantor, klokkarar, deltidsorganist, to kyrkjelydspedagogar, kyrkjeverje, kyrkjetenarar og sekretær.
 
Prostiet er tenestedistrikt, og prestane i prostiet møtest regelmessig til kollega- og fagsamlingar. Prostiet er også tenestedistrikt for beredskapsordninga.

Du finn meir om oss ved å sjå på facebook ved å søke på namnet på kyrkjene. Du kan også sjå inn på heimesida https://www.heroy-kyrkje.no 

Om du synes dette ser interessant ut, er du velkommen til å sende din søknad med CV, vitnemål og referansar til vårt elektroniske system, Webcruiter. Dersom du ikkje ønsker namnet ditt på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast i søknaden. Grunnane vil bli vurdert individuelt. Dersom bispedømeadministrasjonen ikkje finn dei tilstrekkelege, vert søkjaren kontakta før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Arbeidsoppgåver
  • Soknepresten skal i tråd med "Tjenesteordning for menighetsprester" forvalte Ord og sakrament slik at kristen tru og liv blir fremja i kyrkjelyden.
  • Soknepresten held gudstenester og forrettar kyrkjelege handlingar, deltar i dåps- og konfirmantopplæringa, utøver sjelesorg og vegleiing, samt anna forkynnararbeid.
  • Det vil så langt råd bli teke omsyn til kompetanse, erfaring og interesse i fordelinga av oppgåvene mellom prestane.
  • Alle prestar i prostiet går inn i beredskapsordning.
Kvalifikasjonar
  • Dei formelle kvalifikasjonskrava for tilsetjing som kyrkjelydsprest er å finne i "Forskrift om tilsetting av kyrkjelydsprest".
  • Vi søkjer etter ein prest med lyst og evne til å utøve pastoralt leiarskap, men du vil også få høve til å samarbeide kollegialt og tverrfagleg.
  • Du må kunne arbeide med struktur og planlegging og like å samarbeide med stab, frivillige, sokneråd og fellesråd om planar og visjonar.
  • Søkjar må kunne samarbeide også liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologisk usemje.
  • Søkjarar som ikkje er ordinerte, vert bedne om å gjere greie for tilhøvet til programmet "Veien til vigsling" (VTV). Ordinasjon føreset normalt fullført VTV.
  • Ordinert søkjar som er statsborgar i anna EØS-land vert gjort merksam på krav om attest som viser autorisasjon til presteteneste i Den norske kyrkja, gjeve av Kyrkjerådet, krav om medlemskap i Den norske kyrkja og krav om å beherske norsk språk, jfr Forskrift om tilsetting av menighetsprest §6.
  • Søkjer må opplyse om han/ho beherskar begge målformer. Målforma i området er nynorsk.
Personlege eigenskapar
  • Personlege og faglege eigenskapar vil bli vektlagde.
  • Kontaktskapande med evne til å byggje nettverk og arbeide i team.
  • Sjølvstendig og strukturert.
  • Evne til å formidle evangeliet til ulike aldersgrupper.
  • Vere med å skape eit godt samarbeid med tilsette og med frivillige medarbeidarar.
Vi tilbyr
  • Stillinga vert løna etter hovudtariffavtalen for Den norske kyrkje, lønnsgruppe 1555 sokneprest. Innskot i Statens pensjonskasse.
  • Godtgjersler og tilskot etter dei vilkår som til kvar tid er fastsette. Den som vert tilsett, må rette seg etter endringar i lover, tariffavtalar, særavtalar, reglement m.v og andre avgjerder som kan ha verknad på gjeremåla i tenesta.
  • Vi legg vekt på å tilby gode vilkår for kompetanseutvikling, arbeidsvegleiing (ABV) og andre former for vegleiing.
  • Eit godt samarbeid mellom dei tilsette i prostiet, og prestane møtest regelmessig til kollega- og fagsamlingar.

Anna

  • For å bli tilsett må ein ha førerkort klasse B og kunne disponere eigen bil i arbeidet.
  • Den som får tilbod om stillinga må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Lov om tros- og livssynssamfunn §20.
  • Det er innført prøvetid på 6 månader for alle faste tilsette.
  • Møre bispedøme arbeider for å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og ynskjer å legge til rette for menneske med redusert funksjonsevne.

 

Herøy er ei kystkommune med om lag 8 900 innbyggjarar busett på øyer bundne saman av bruer. Kommunesenteret vårt er den levande kystbyen Fosnavåg. Kommunen vår ligg heilt sør i Møre og Romsdal, og vi er landfast til flyplass i Ørsta/Volda (3 kvarter) og til Austlandet gjennom flotte veganlegg. Fosnavåg ligg om lag 5 kvarter reisetid sør om Ålesund. I Herøy er det fantastisk natur med gode moglegheiter til eit aktivt friluftsliv på sjøen eller i fjellet, og her er eit  levande lokalmiljø (sjå www.havlandet.no). Herøy har gode skuletilbod og full barnehagedekning. Næringslivet i Herøy er allsidig, og det er eit godt servicetilbod til innbyggarane. Herøy kommune har 3 sokn med ei kyrkje i kvart sokn. Kommunen har 8 gravplassar.

 

Kontaktinformasjon:

Ingeborg Matre
Prost
 948 06 965
 prosten@volda.kyrkja.no
 
Anne-Marit Hagelund
Avdelingsleiar personal
 922 35 009
 ah242@kirken.no
Arbeidsgiver Møre bispedømme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Lisjebøvegen 1, 6091 Fosnavåg
Publisert 2022-11-22
Søknadsfrist 2022-12-19
Stillingstype Fast, 100%
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Møre bispedømme
Moldetrappa 1
6415 Molde

Arbeidsliv

Vil du bli ein av oss? Ei framtid i Surnadal på Indre Nordmøre.

Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger