Organist/ kyrkjemusikar

Årdal kyrkjelege fellesråd

Årdal kyrkjelege fellesråd forvaltar kyrkjebygg, gravplassar, lokale kyrkjelege stillingar og tilhøyrande økonomi for Den norske kyrkja i Årdal. Årdal kommune ligg i Vestland fylke og har to sokn , Øvre Årdal sokn og Nedre Årdal sokn. Kommunen har 5 239 innbyggjarar med eit godt utbygd tenesteapparat, og er ein kulturell-og idrettsaktiv kommune. Her er èi kyrkje i kvart sokn, i tillegg til eit funksjonelt kyrkjelydshus på Årdalstangen i Nedre Årdal sokn. Kyrkjekontoret ligg i Rådhus II i sentrum av Årdalstangen.

Det er gudsteneste på dei aller fleste søn-og heilagdagar.

 

Vi har ledig stilling som Organist/kyrkjemusikar, 

25%fast stilling frå 01.01.2025.

 

Årdal ligg vakkert til ved Sognefjorden

 

Vi søkjer ein person med:

  • Utdanning/ ferdigheiter innanfor orgel /piano, andre instrument kan også vere aktuelt
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og likar å arbeide med barn og unge
  • Vilje til å møte utfordringar konstruktivt

 

Den som blir tilsett må:

  • Vere medlem av Den norske kyrkja
  • Vise politiattest

 

Arbeidsoppgåver

Organist /kyrkjemusikar samarbeider med kantor (100%) om tenester ved gudstenester og andre kyrkjelege handlingar, og ved andre arrangement i kyrkjeleg regi. Den som blir tilsett må bidra i gudsteneste-og kyrkjelydsarbeid i samarbeid med prest og andre tilsette. Me ynskjer at barn, unge og vaksne skal kjenne seg inkluderte i kyrkja, musikken er ein viktig bidragsytar til inkludering i kyrkjelydane i Årdal.

Organist/kyrkjemusikar gjer teneste 1 helg i månaden og enkelte tenester knytta til kyrkjelege høgtider, trusopplæringstiltak og konfirmantarbeid. Organist /kyrkjemusikar deltek også i arbeid med kulturarrangement i kyrkjene ilag med stab, frivillige-og eksterne aktørar. Litt av arbeidet vil foregå på ettermiddag/kveld. Arbeidsplan vil bli sett opp av kyrkjeverje i samråd med deg.

Kantor og organist /kyrkjemusikar vikarierer for kvarandre i feriar og fritid.

Det er 6 mnd. prøvetid.

-Tilsetjings- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og avtalar innan KA sitt tariffområde

-Pensjonsordning i KLP

 

Søknad med CV sendes til: johanne.molland@ardal.kommune.no

 

Kontaktinformasjon:

Johanne Molland, kyrkjeverje , tlf.: + 47 477 99 135,e-post: johanne.molland@ardal.kommune.no

Olav Nese, sokneprest , tlf. +47 975 00 650

Arbeidsgjevar: Årdal kyrkjelege fellesråd

Arbeidsstad: Statsråd Evensensvn. 1, 6885 ÅRDALSTANGEN

 

Søknadsfrist: 16. juni 2024

Arbeidsgiver Årdal kyrkjelege fellesråd
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Statsråd Evensensvn. 1, 6885 Årdalstangen
Publisert 2024-05-15
Søknadsfrist 2024-06-16
Stillingstype Fast, 25% deltid
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Årdal kyrkjelege fellesråd
Statsråd Evensens veg 1
6885 Årdalstangen
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger