
Det er ledig stilling som kantor/kyrkjemusikar i 50 % i Ålesund kyrkjelege fellesråd med Ellingsøy sokn som arbeidsstad.
Ellingsøy sokn ligg i Ålesund kommune og utgjer saman med Borgund sokn eit samarbeidsområde. Kyrkjelyden har sokneprest, kantor, kyrkjetenar, dagleg leiar, diakon, kyrkjelydspedagog og kateket/ungdomsprest. Det er stabsfellesskap mellom sokna med felles dagleg leiar, diakon, kyrkjelydspedagog og kateket/ungdomsprest.
Soknet er langstrakt og er i endring med mykje utbygging og tilflytting. Det er kort avstand mellom Ellingsøy og Ålesund sentrum.
Ellingsøy sokn har ca. 2000 medlemer. Soknet har ei arbeidskyrkje vigsla i 1998 med ca. 400 sitjeplassar, stor kyrkjelydssal med nytt lyd- og lysanlegg og kontor for tilsette.
Orgelet er bygd av Ryde & Berg i 2002 og har 16 stemmer.
Ålesund har eit aktivt musikkmiljø med bla symfoniorkester og kulturskule.
Heimeside: https://www.ellingsoy.kyrkjelyd.no
Arbeidsoppgåver
- Tenestegjere ved gudstenester og andre kyrkjelege handlingar.
- Lede og utvikle kyrkjelydens musikk og kulturarbeid.
- Gi støtte til kyrkjelydens øvrige arbeid og inngå i tverrfaglege satsingar.
- Vere ein kyrkjemusikalsk ressurs for kyrkjelyd, stab og fellesråd.
- Delta i stabs- og fagmøte og andre administrative møtepunkt.
- Nokre tenester, t.d. gravferder i andre kyrkjelydar må ein rekne med.
Kvalifikasjonar
- Fortrinnsvis utdanning i samsvar med Tenesteordning for kantorar, eventuelt kyrkjemusikar med anna relevant utdanning/realkompetanse/kirkemusikalsk utdanning.
- Krav om allsidige orgel og piano ferdigheiter.
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert og kreativ, og har eit ønskje om å bidra i kyrkjelydens musikalske arbeid.
- Kontaktskapande og samarbeidsvillig, evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Hyggelege kollegar i ein stab som har fokus på eit godt og sosialt arbeidsmiljø.
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for fagleg utvikling.
- Eit engasjert sokneråd dei tilsette kan samarbeide med.
- Lønn etter KAs tariffavtale
- Pensjons- og forsikringsordningar
Anna
- For å bli tilsett må ein ha førarkort klasse B og kunne disponere eigen bil i arbeidet.
- Den som får tilbod om stillinga må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Lov om tros- og Livssynssamfunn § 20
- Tilsetting i Ålesund kyrkjelege fellesråd med for tida Ellingsøy sokn som arbeidsstad
Aktuelle kandidatar blir innkalla til intervju og eventuelt prøvespeling og prøvedireksjon.
Oppstart etter nærare avtale.
Arbeidssted: Langelandsvegen 17, 6010 Ålesund
Kontaktinformasjon:
Dagleg leiar: Kristin Smehus
Tlf: 945 32 479
Avdelingsleiar kyrkjelyd: Hans Roar Aas
Tlf: 943 23 279
