Kirker og trossamfunn
  • Masfjorden Sokn
  • Kyrkjelydspedagog/ Kyrkjelydsarbeidar

    Fast
    Søknadsfrist: 30.09.2026
    Kyrkjelydspedagog/ Kyrkjelydsarbeidar

    Har du lyst på ein variert og meiningsfull jobb der du får skape gode møte mellom kyrkja og barn, unge og familiar – og formidle kristen tru på ein trygg, kreativ og inkluderande måte? Då kan stillinga som kyrkjelydspedagog/kyrkjelydsarbeidar vere noko for deg!

    Kvalifikasjonar og eigenskapar

    Du som søkjer må

    • ha vilje og evne til samarbeid og formidling
    • kunne arbeide strukturert og sjølvstendig
    • ha evne til å arbeide med ulike aldersgrupper, og særskilt barn og unge
    • være god i norsk både skriftleg og munnleg, (me nyttar nynorsk skriftleg)
    • beherske data som arbeidsverktøy
    • ha førarkort og disponere bil
    • vere medlem av Den norske kyrkja
    • ha relevant utdanning innan kristendom, trusopplæring, pedagogikk eller barne- og ungdomsarbeid. Relevant erfaring frå kristent barne- og ungdomsarbeid kan kompensera for manglande formell kompetanse
    • Personlege eigenskapar vil verte vektlagt
    • Politiattest ikkje eldre enn tre månadar må leggast fram ved tilsetjing

    Arbeidsoppgåver

    Til denne stillinga (50%) ligg for tida fylgjande oppgåver:

    • Planlegging og gjennomføring av samlingar for barn og unge i alderen 0-13 år som t.d. dåpsskule, utdeling av kyrkjebøker, samarbeid med skulane/barnehagane, Tårnagenthelg og Lys Våken
    • Invitere frivillige til å bidra i arbeidet, og fylgje dei frivillige opp
    • Det kan også verta aktuelt med kyrkjelydstilbod for andre aldersgrupper
    • Konfirmantarbeid (20%) saman med prest og evt. andre tilsette/frivillige

    Ein ynskjer at kyrkjelydspedagog/kyrkjelydsarbeidar skal ha fridom til å utforme eit tilbod basert på eigne interesser og kvalifikasjonar. Men ein føreset at arbeidet skjer innan dei rammene som fellesrådet set, og at det innhaldsmessig skjer i samråd med sokneprest.

    Skriv i søknaden om du søkjer på heile eller delar av stillinga.

    Vi tilbyr

    • Ei interessant og spanande stilling
    • Løn på bakgrunn av utdanning og erfaring, etter KA sine satsar
    • Medlemskap i KLP

    Litt om Masfjorden sokn

    • 81,2% av kommunen sine 1672 innbyggarar er medlemer i Den norske kyrkja. Oppslutninga om kyrkja sitt kyrkjelydsarbeid for barn og unge er god. Årets konfirmantkull tel 20 konfirmantar.
    • Det er tre kyrkjer i soknet; Frøyset, Sandnes og Solheim. I tillegg ligg Fjon fjellkyrkje og ungdomssenter i soknet.
    • Kyrkjeverja vil vere næraste leiar.

    Arbeidstad: Heile Masfjorden
    Kontor: Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes

    Send søknad til: kyrkjeverja@kyrkjaimasfjorden.no

    Kontaktinformasjon:

    Kyrkjeverje: Eli Eidsnes
    Tlf: 906 13 515
    E-post: kyrkjeverja@kyrkjaimasfjorden.no