
Kvam herad femner om eit vakkert landskap frå Hardangerfjorden til Kvamskogen. Heradet har om lag 8500 innbyggjarar, og omlag 80% er medlemer i DNK. Informasjon om geografi, kultur, næringsliv og heradet i det heile finn ein på www.kvam.no/velkomen-til-kvam/
Vil du verta kyrkjeverje i vakre Hardanger?
Me har ledig stilling som
Kyrkjeverje i 100% fast stilling frå 1. april 2027
Kyrkjeverja sine oppgåver
- Dagleg leiar for verksemda til fellesrådet i samsvar med gjeldande kyrkjeleg regelverk, planar, budsjett og vedtak, med ansvar for 5 kyrkjer og 6 kyrkjegardar
- Ivareta fellesrådet sine oppgåver som gravplassmynde i Kvam, med dagleg bruk av ulike digitale fagprogram.
- Leiing og administrasjon, saksførebuing for fellesrådet og oppfølging og iverksetjing av vedtak.
- Personal- og arbeidsgjevaransvar for dei tilsette i fellesrådet, med ansvar for arbeidsmiljø og HMT.
- Ansvar for budsjett, økonomistyring og rapportering, og overordna ansvar for forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av kyrkjer, gravplassar og andre eigedomar.
- Strategi-, plan- og utviklingsarbeid, og fremja godt samarbeid mellom prost og fellesråd, sokneråd, prestetenesta, Kvam herad og andre kyrkjelege og offentlege samarbeidspartar.
Me ynskjer kyrkjeverje/dagleg leiar med
- Relevant universitets/høgskuleutdanning, eller anna relevant utdanning og realkompetanse for stillinga.
- Erfaring frå leiing, forvaltning, økonomistyring og sakshandsaming.
- Kjennskap til organisering og regelverk innan Den norske kyrkja.
- Gode evner til strategisk planlegging og leiing, tydeleg kommunikasjon, relasjonsbygging, motivering og inspirasjon av medarbeidarar.
Personlege eigenskapar
- Evne til å møta menneske i ulike livssituasjonar på empatisk vis
- Engasjement for trussamfunnet Den norske kyrkja sitt samfunnsoppdrag og for utvikling av kyrkja.
- Evne til å arbeida sjølvstendig og strukturert, samarbeida godt og skapa tillit.
- Utviklings- og løysingsorientert
Anna
- Søkjar må vera medlem i Den norske kyrkja, og lojal mot kyrkja si vedkjenning.
- Gyldig politiattest må leggjast fram.
- Det skal gjevast opp namn på to referansar.
Det vil bli utarbeida offentleg søkjarliste, men søknad om unntak vil bli vurdert.
Løn etter avtale, og pensjonsordning i KLP.
Den tilsette må disponera eigen bil, og får dekka tenestekøyring etter offentleg regulativ.
Kvam kyrkjelege fellesråd nyttar nynorsk målform.
Søknad med CV vert å senda til
Kvam kyrkjelege fellesråd
Postboks 39
5601 Norheimsund
Søknad kan også sendast på epost til OL485@kyrkja.no innan søknadsfrist 30.okt 2026.
Me tilbyr
- Kontor i Norheimsund kyrkje
- Triveleg kontorfellesskap med sokneprest, prest under utdanning, kateket, trusopplærarar, 2 kantorar og sakshandsamar.
- 10 motiverte medarbeidarar i staben fordelt på 8,3 årsverk, og mange frivillige medarbeidarar i dei 4 sokna: Ålvik, Øystese, Vikøy og Strandebarm. På vårt kontor arbeider me etter våre kjerneord: Tryggleik, tillit og tolmod.
- Høve til arbeidsvegleiing, ABV, på bispedømekontoret
Arbeidsstad: Kyrkjevegen 40, 5600 Norheimsund
Kontaktinformasjon:
Kyrkjeverje: Olav Skeie Lid
Tlf: 414 00 035
E-post: OL485@kyrkja.no
Fellesrådsleiar: Kjell Dysvik
Tlf: 991 03 461
Norheimsund kyrkje har 21 stemmers orgel, levert av «Ryde & Berg», 1992, samt eit «Steinway&Sons» flygel.
Vikøy kyrkje har eit orgel med 10 stemmer, bygd av «Jørgensen», restaurert i 2009 av D.J.Buder.
Øystese kyrkje har eit 15 stemmers «Husted» orgel, 1999.
Ålvik kyrkje har orgel fra «Norsk orgel-harmoniumfabrikk», 1962.
Strandebarm kyrkje har 25 stemmers orgel fra «Vestre orgel fabrikk» 1975.
