
Vi har ledig ein ny, spennande prosjektstilling for deg som vil vurdera å bli prest! Vi søkjer etter deg som er relativt ny i arbeidslivet. Kanskje du vurderer å søkja eller er teken opp på erfaringsbasert master? Vi er og opne for å vurdera deg som går på profesjonsstudiet, men ikkje er ferdig utdanna prest!
Her er ei god moglegheit til å få erfaring med prestetenesta, og sjå alt det fine folkekyrkja har å by på!
I denne prosjektstillinga vil du få ansvar for oppgåver som ein kapellan normalt ville gjort – mellom anna gudstenester, kyrkjelege handlingar og konfirmantarbeid.
Prest under utdanning er ei ordning for deg som har ein annan master frå før, og no kunne tenkja deg å utdanna deg til prest.
Dersom du søkjer på Prest under utdanning-vilkår, er prosjektstillinga ein 100% stilling (40% til studie og 60% til jobb). For å kunna gå inn i stillinga kan du mangla maksimalt 120 studiepoeng for å oppfylla kvalifikasjonskrava for kyrkjelydsprestar. Det blir gitt inntil fire år for å fullføra studia.
Ved tilsetjing vil det bli utarbeidd ein individuell plan for studieprogresjon og arbeidsmengd. Undervegs i studiet følgjer du programmet for Vegen til vigsling (VTV). Etter fullført studieløp og VTV kan du kvalifiserast for å kunna vigslast til presteteneste i Den norske kyrkja. Det vil normalt vera to års bindingstid i bispedømmet etter studieperioden. I denne stillinga vil fast tilsetjing og bindingstid fortrinnsvis vera i Vesthordland prosti eller nærliggjande prosti.
Vi er og opne for å vurdera deg som går på profesjonstudiet. Då vil denne prosjektstillinga vera ein 60% stilling som kan la seg kombinera med studiet.
Bjørgvin ønskjer ei satsing på unge prestar, og å etablera eit nettverk for dei. Vi ser på moglegheita for å få til fleire tilsvarande stillingar i nær framtid.
Prostjektpresten vil primært vera knytt til Foldnes og dei andre nærliggjande sokna i Øygarden, og vera ein del av sokneteamet i Foldnes og samarbeide tett med sokneprest og ungdomspresten der.
Om prostiet:
Vesthordland prosti dekker kommunane Øygarden og Askøy, med til saman ti sokn og tretten kyrkjer. I prostiet er vi ni sokneprestar, tre prostiprestar, i tillegg til prost.
Øygarden er den nest største kommunen i Vestland, og ligg på øyane vest for Bergen. Kommunen har 40.000 innbyggjarar der 28.000 av desse er medlemmar av Den norske kyrkja. Det er fem sokn i kommunen, Hjelme og Blomvåg, Landro, Fjell, Foldnes og Sund, og sokna har til saman åtte kyrkjer.
Askøy kommune har 30.000 innbyggjarar og 22.000 av desse er medlemmar av Den norske kyrkja. Det er fem sokn i kommunen, Herdla, Ask, Tveit, Erdal og Strusshamn, og sokna har kvar si kyrkje.
Dei tilsette i Øygarden kyrkjelege fellesråd arbeider ut frå visjonen «Nær Gud, nær menneske» og bær med seg verdiane: Takknemleg, tenande og frimodig. Sokna i fellesrådsområdet har utarbeidd visjonar for arbeidet i kyrkjelydane. På Askøy arbeider fellesrådet ut frå visjonen «Meir himmel på jord».
Les meir om kyrkjene i Øygarden her: www.kyrkja.no/oygarden og om Askøy her: www.kirken-askoy.no.
Vi vonar at du synast dette høyrast ut som ei spennande stilling, og at du gjer alvor av å sende søknad!
Ta gjerne kontakt om du har spørsmål.
Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via Webcruiter.
Arbeidsoppgåver
- Gudstenester og kyrkjelege handlingar etter oppsett turnus
- Andakter og teneste på sjukeheim og institusjoner
- Arbeide i heile bredda av prestetenesta i eit stort område med fleire sokn
- konfirmantundervisning og trusundervisning
- Arbeidsoppgåver vil kunne bli fastsatt i dialog med søkjar og prost
Kvalifikasjonar
- Stadfesting frå studiestad om at du har opptak på studiet, og maksimalt har 120 studiepoeng igjen før du kvalifiserer til presteteneste etter tenesteordningen for kyrkjelydsprestar §3
- Medlemskap i Den norske kyrkja
Personlege eigenskapar
- Evne og vilje til samarbeid
- Det er ein fordel at du har kjennskap til kyrkja og kyrkjelydslivet
- Søkjar må kunne samarbeid liturgisk med kollega uavhengig av kjønn og teologisk usemje
- Gode kommunikasjonsevner særleg mot barn og unge
- Evne til fleksibilitet
- Evne til å byggje relasjonar sjølv om ein gjer teneste i fleire kyrkjelydar
Vi tilbyr
- Stillingskode 0950 prestevikar etter KA sitt tariffområde (blir endra til 0922 kapellan etter vigsling til prest)
- Medlemskap i kollektiv pensjonsordning KLP
- Reiseutgifter godtgjort etter gjeldande regulativ
- Til løna kjem særskilte regulativmessige godtgjersler
- Nettverkssamling for unge prestar
- Arbeidsrettleiing (ABV)
Andre opplysningar
Søkjar bør ha førarkort klasse B og disponere bil.
Bjørgvin bispedøme skal vere ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, seksuell orientering og funksjonsevne. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke.
Det vil bli utarbeida ei offentleg søkjarliste etter offentleglova § 25, jf. kyrkjeordning for Den norske kyrkja § 42. Dersom du ønskjer unntak for denne, må du grunngje det i søknaden. Søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om unnatak. Grunnlag for handsaming etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g.
Den som blir tilsett må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest) jf. politiregisterloven § 39 jf. trossamfunnsloven § 20.
Arbeidssted: Kyrkjekontoret i Øygarden, Tytebærbrekko 2, 5353 Straume
Kontaktinformasjon:
HR-sjef i Bjørgvin bispedøme: Therese Nesse Mokkelbost
Tlf: 936 12 276
Prost i Vesthordland: Jan Tommy Fosse
Tlf: 924 63 278
