
Er du vår nye kollega? Stad kyrkjelege fellesråd har ledig ei 100% stilling som kantor/organist/kyrkjemusikar frå 01.10.26.
Vi søker deg som vil vere aktivt med i planlegging og gjennomføring av gudstenester, kyrkjelege handlingar og anna kyrkjelydsarbeid i Eid- og Stårheim sokn.
Kvalifikasjonskrav:
- gode evner til samarbeid og til å arbeide sjølvstendig
- gode kommunikasjonsevner og språkferdigheiter
- gode evner til nettverks- og fellesskapsbygging
- gode pedagogiske evner
- minimum 3-årig relevant utdanning
- allsidige orgel- og pianoferdigheiter
- brei musikalsk interesse og erfaring, inkludert korleiing
- interesse for- og erfaring frå kyrkjelydsarbeid knytt til ulike aldersgrupper
- medlemskap i Den norske kyrkje
Personlege eigenskapar og realkompetanse vert vektlagt føre formell kompetanse.
Arbeidsoppgaver:
Som kantor/ organist/ kyrkjemusikar i Eid- og Stårheim sokn vil du ha ansvar for å leie det kyrkjemusikalske arbeidet i desse sokna i samarbeid med sokneråd, tilsette og frivillige. Dette innebær m.a. å
- planlegge og gjennomføre gudstenester, kyrkjelege handlingar, institusjonssamlingar og anna kyrkjelydsarbeid i samarbeid med andre tilsette og frivillige.
- vere med å leie barnekor, ungdomskor og vaksenkor saman med andre tilsette og frivillige.
- ha ansvar for planlegging og gjennomføring av konsertar og andre musikalske arrangement i samarbeid med sokneråd, tilsette og andre aktuelle aktørar.
- bidra musikalsk i diakonale tiltak og tiltak innan kyrkjeleg undervisning og læring.
- samarbeide med og støtte det øvrige musikk- og kulturarbeidet i bygdene.
- rekruttere og legge til rette for at frivillige i alle aldrar kan delta i song- og musikklivet i kyrkjelydane.
- vere rådgjevar for soknerådet/fellesrådet i kyrkjemusikalske spørsmål.
- delta på stabsmøter og møter i andre relevante råd og utval.
- ha ansvar for tilsyn og vedlikehald av instrument og anna musikkutstyr i kyrkja.
Vi tilbyr:
- Løn etter avtale (KA-tariff) og pensjonsordning i KLP
- arbeidsavtale etter gjeldande lov- og rammeverk
- Kontorlokale i Eid kyrkjetun, tett ved Eid kyrkje
- meiningsfylte, varierte og spennande arbeidsoppgåver
- samarbeid med engasjerte og inkluderande medarbeidarar
- eit godt fagmiljø og arbeidsmiljø
- ei kommune med eit rikt og variert kulturliv
Om bedriften:
Stad kyrkjelege fellesråd er arbeidsgjevar for 20 tilsette fordelt på 12 årsverk, og Stad er tenesteområde for tre sokneprestar i full stilling. Verksemdsområdet omfattar sju kyrkjelydar og åtte kyrkjebygg. Kontora til Stad kyrkjelege fellesråd ligg i Eid Kyrkjetun på Nordfjordeid og i kommunehuset i Selje. Nordfjordeid er prostesete i Nordfjord og prosten sitt kontor er samlokalisert med fellesrådet. Kyrkjemusikktenesta utgjer samla 2,2 årsverk fordelt på tre stillingar.
Eid sokn har ca. 4000 medlemar og to kyrkjebygg, Eid- og Heggjabygda kyrkje. Orgelet i Eid kyrkje er opprinneleg eit orgel av J.H. Jørgensen frå 1961 som vart ombygd og montert av Bower Organs i 2015. Orgelet har 40 klingande register og totalt 3200 piper fordelt på 3 manualar og pedal. Stårheim sokn har ca. 500 medlemer og ei kyrkje, Stårheim kyrkje. Orgelet i Stårheim kyrkje er eit pipeorgel med 14 stemmer som opprinneleg er frå 1916 (www.stadkyrkje.no).
Arbeidssted: Sjøgata 90, 6770 Nordfjordeid
Søknad med CV sendast på e-post til Kyrkjeverje/Dagleg leiar, Synnøve Smørdal Wiik: synnove.wiik@stad.kommune.no
Kontaktinformasjon:
Kyrkjeverje/Dagleg leiar: Synnøve Smørdal Wiik
Tlf: 970 34 535
E-post: synnove.wiik@stad.kommune.no
