
Tokke kyrkjelege fellesråd har ledig stilling som kyrkjeverje/dagleg leiar.
2. gangs utlysning
Kyrkjeverja har ansvaret for 6 tilsette og forvaltaransvar for 5 kyrkjer og 5 gravplassar. Det er to sokn i Tokke kommune. Nynorsk er administrasjonsspråket.
Hva vi ser etter:
- Kyrkjeverja vår har fått ny jobb etter 13 år og vi ser difor etter ein positiv og initiativrik person til å overta stillinga som kyrkjeverge. Det er ein fordel med kjennskap til kyrkjeleg verksemd i denne stillinga.
- Det vil bli lagt vekt på engasjement og samarbeidsevne, relevant høgare utdanning og personlege eigenskapar. Du må væra medlem av Den norske kyrkja, ha førarkort og disponere eigen bil.
- Tokke kommune er i hjartet av Telemark, med fantastisk klima og natur og er kjent for levande grender, Telemarkkanalen og Dalen Hotel. Vi har Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen, hyggjelege bustadpriser og kulturskule med variert tilbod for store og små. Vi har mange tilbod for dei som er glade i jakt, fiske og friluftsliv. I Tokke har vi aktive idrettslag som har breie tilbod både sumar og vinter.
- Fellesrådet har sunn økonomi og eit godt samarbeid med kommunen. Eit samarbeid som det vert viktig å halde vedlike. I tillegg til rammeoverføring drift og investering har fellesrådet ein tenesteytingsavtale med kommunen der kommunen syter for rekneskapsføring, lønskøyring, kontorlokale, server, sentralbord, Office-pakke, IT-tenester, samt eigne verkstedslokale for gravplassforvaltninga.
- Du må ha gyldig politiattest.
- CV og referanser sendast saman med søknaden, gjerne også attester fra dine forrige arbeidsforhold.
Arbeidsoppgaver:
- Drift av kyrkjekontoret i Tokke
- Ansvar for drift og forvalting av kyrkjebygg og gravplassar, herunder internkontroll og HMSPersonalansvar for dei tilsette i fellesrådet.
- Budsjett, løn- og rekneskapsansvarSekretær og sakshandsamar for Tokke kyrkjelege fellesråd
- Representere kyrkja i møte med andre kyrkjelege organ, lokalpolitikarar, kommunal administrasjon, media og andre
- Samarbeid med prestetenestaSøkjar må vera innstilt på at arbeidsoppgåver kan bli endra
Vi tilbyr:
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Gode kontorlokalar i kommunehuset i TokkePensjonsordning gjennom KLP
- Tilsetting og løn etter KA sitt avtaleverk
Om bedriften:
Tokke kyrkjeleg fellesråd har 7 faste tilsette, 5,55 årsverk, totalt er det 18 ansatte med stort og smått. Fellesrådet er vertsfellesråd for ei felles diakonstilling saman med 4 andre kyrkjelege einingar og Agder og Telemark bispedøme.
Fellesrådet har driftsansvaret for ei stavkyrkje og fire listeførte soknekyrkjer, i tillegg til fem gravplassar i kommunen.
Stavkyrkja er frå 1140 og dei andre kyrkjebygga er frå 1747-1839. Det er felles kyrkjekontor på Dalen for sokna si verksemd. Dalen er administrasjonsenter i Tokke kommune.
Det er fleire større investeringsprosjekt på gang og ein må rekne med at dette har høg prioritert i verksemda framover.
Kommunen har ca. 2250 innbyggjarar, ca. 71% er medlemer av Dnk.
Arbeidssted: Storvegen 60, 3880 Dalen
Kontaktinformasjon:
Gunnar Øverland – leiar
Tlf: 971 01 830
Camilla Lagergren Knudsen – nestleiar
Tlf: 452 76 952
