Prost i Hallingdal

SJÅ TIL HALLINGDAL! Hallingdal inviterer til aktivt friluftsliv, kulturliv og kyrkjeliv. Me er tradisjonsberarar, og samtidig moderne og nyskapande. Me har mange dyktige medarbeidarar både i lønna og ulønna teneste. Hallingdal ligg sentralt mellom aust og vest. Eit dalføre med mange ressursar og store moglegheiter!

Tunsberg bispedøme lyser ut stillinga som prost i Hallingdal prosti.
Prosten leier prestetenesta i prostiet med 13 kyrkjelyder, og 9 prestar. Prosten gjer også kyrkjelydsteneste, hovudsakleg i Ål, Torpo og Leveld sokn. Det er gode kontortilhøve i eit eige bygg ved Ål kyrkje. Prosten utfører dei tenestene som ligg til prostestillinga jfr. tjenesteordning for prost. Den som blir tilsett må ha høg fagleg utdanning, administrativ kompetanse og gode leiareigenskaper. Vi søkjer ein prost som har evne og vilje til å inspirere og motivere medarbeidarar og kyrkjelyder. Erfaring som leiar vil bli vektlagt, saman med evne til strategisk tenking.
Hallingdal prosti har ca. 20.000 innbyggarar og omfattar nordre del av Buskerud fylke. I prostiet ligger fleire av Noregs største reiselivskommunar, og folketalet aukar vesentleg i helger, høgtider og feriar.

Arbeidsoppgaver:

  • Leie prestetenesta i prostiet
  • Motivere tilsette og kyrkjelege organ med fagleg vegleiing, råd og støtte
  • Gudstenester og forkynning
  • Personalleiing for prestane i prostiet
  • Deltaking på prostemøte og øvrige samlingar i bispedømet
  • Kontakt med offentlege organ og miljø i prostiet

Kvalifikasjoner:

  • Brei og relevant erfaring og administrativ kompetanse
  • Leiarkompetanse, erfaring og evne til å framstå som ein kyrkjeleg leiar
  • Solid teologisk kompetanse
  • Relevant og engasjerande forkynning
  • Erfaring frå personalleiing
  • Nynorsk er hovudmål i Ål og elles i delar av prostiet. Søkjarane må oppgje om dei nyttar båe målføre.
  • Søkjaren sitt namn vil normalt bli offentleggjort. Det må grunngjevast om ein ønskjer å få namnet sitt unnteke offentlegheita.
  • (Offentlighetsloven § 25)
  • Tunsberg bispedømme krev at politiattest (barneomsorgsattest) vert lagt fram ved tilsetting

Utdanningsretning:

  • Teologi / Livssynsfag

Utdanningsnivå:

  • Cand. theol. med praktikum eller tilsvarende

Personlige egenskaper:

  • God evne til å kommunisere
  • Gode samarbeidsevner og kontaktskapande evner
  • Evne til å handtera eit mangfald av arbeidsoppgåver
  • Det vil bli lagt vekt på at søkjaren er egna for stillinga

Vi tilbyr:

  • Stillinga vert lønna i stillingskode 0933 - prost
  • Pensjonsinnskot
  • Andre godtgjeringar, rettar og plikter som til ei kvar tid gjeld for prestetenesta.
  • Prestegarden ligg med gåavstand til kyrkje, barnehage og skular. Bustaden er frå 1950, 120 m2 i to høgder.
  • Huset er nyoppussa, og kan stillast til disposisjon for søkjaren om det er ønskjeleg.
  • Eigen rettleiingsgruppe for prostane i bispedømet
Arbeidsgiver Tunsberg bispedømme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Ål
Publisert 2018-08-02
Søknadsfrist 2018-09-13
Stillingstype Fast
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Tunsberg bispedømme

Tønsberg
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger