Kateket/kyrkjelydspedagog

Alver kyrkjelege fellesråd

Har du eit ønske om å gi Jesus vidare til nye generasjonar? Vi søker etter deg som med engasjement og tryggheit kan ta ansvar for å leie og utvikle undervisningsarbeidet for konfirmantar, ungdom og tweens. Vil du vere ein viktig del av Lindås og Osterfjorden kyrkjelydar sitt trusopplæringsarbeid?

Trusopplærar i Osterfjorden og Lindås (50%), som har ansvar ansvar for dei yngste barna, vil vere ein viktig samarbeidspartnar.

Alver kyrkjelege fellesråd har ledig fast stilling (100%) som kateket/trusopplærar for sokna Osterfjorden og Lindås. Stillinga rapporterer til dagleg leiar i Osterfjorden sokn, og oppmøtestad er Ostereidet kyrkje.

 

Arbeidsoppgaver
  • Vi ønsker du skal ha særleg fokus på aldersgruppa frå 11 år og oppover. Trusopplærar, som har hovudansvar for dei yngste borna, vert næraste samarbeidspart.
  • Hovudansvar for konfirmantarbeidet og alt av administrasjon og informasjonsarbeid som følgjer dette.
  • Planlegging og gjennomføring av konfirmantundervisning.
  • Planlegging og gjennomføring av arrangement, leir og gudstenester for konfirmantar i samarbeid med kollegaer og frivillige.
  • Rekruttering til og gjennomføring av leiartrening for ungdom.
  • Oppfølging av anna ungdomsarbeid etter avtale lokalt i sokna.
  • Rekruttering, kontakt og oppfølging av frivillige medarbeidarar innanfor eksisterande konfirmant- og ungdomsarbeid.
  • Saman med andre utvikle og gjennomføre tiltak i ein heilskapeleg trusopplæringsplan for sokna.
  • Profileringsarbeid og andre fellesoppgåver i kyrkjestabane etter nærare avtale.
  • Ta del i fagleg og tverrfagleg samarbeid i fellesrådsområdet.
Kvalifikasjoner
  • Utdanning i samsvar med tenesteordning for kateketar eller anna relevant utdanning (pedagogisk og kristendomsfagleg erfaring/utdanning).
  • Relevant erfaring frå barne- og ungdomsarbeid.
  • Kunnskap/erfaring med bruk av PC som arbeidsverktøy.
Personlege egenskaper
  • Fleksibel og løysingsorientert.
  • Evner å arbeide sjølvstendig, men også vere god i teamarbeid.
  • Evne til initiativ og gjennomføring.
  • Ser og utfordrar frivillige.
  • Kommuniserer godt i samtalar og gjennom sosiale medium.
  • Det vil bli lagt vekt på at den som vert tilsett er personleg eigna

Anna:

  • Søkjar må ha førarkort og disponere bil.
  • Du må vere medlem av Den norske kyrkja.
  • Vi krev politiattest.
Vi tilbyr
  • Løn etter tariffavtale for kyrkjeleg sektor.
  • Obligatorisk medlemskap i KLP (2%)
  • Vi tilbyr også tenestetelefon og moderne IKT-løysingar

 

Dei tre kommunane Lindås, Meland og Radøy i Nordhordland slo seg saman til Alver kommune frå årsskiftet 2020, og då vart også dei kyrkjelege fellesråda til Alver kyrkjelege fellesråd.
Alver har fem sokn, og pr 2021 eit medlemstal på rundt 23.000; som er 76% av folketalet. 
Kvart av sokna har eigne kontor, det same har fellesrådsadministrasjon. Det er også ei driftsavdeling som har ansvar for kyrkjegardar og kyrkjebygg. Nettside: Kyrkja.no/alver

 

Kontaktinformasjon:

Solveig Angelskår
Dagleg leiar
 97709051
 
John Fredrik Wallace
Kyrkjeverje
 48284872
Arbeidsgiver Alver kyrkjelege fellesråd
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Ørnnova 21, 5993 Ostereidet
Publisert 2022-11-03
Søknadsfrist 2022-11-27
Stillingstype Fast, 100%
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Alver kyrkjelege fellesråd
Lonsvegen 1
5914 Isdalstø
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger