Dagleg leiar

Stiftinga Jønnbu fjellkyrkje og ungdomssenter søker dagleg leiar i inntil 70% stilling.

Jønnbu Fjellkyrkje og Ungdomssenter ligg vakkert til på Lifjell i Midt-Telemark kommune. Det var Norges Kristelige Ungdomsforbund (i dag KFUK-KFUM) i Vestfold og Telemark som bygde opp staden på 1960-talet. Det blei lagt ned stor innsats frå mange hald for å reise kyrkja, som stod ferdig i 1969. I dag er det leirer, weekender for ulike lag og foreiningar og leirskule som utgjer hovuddelen av verksemda på Jønnbu. Staden har vel 60 sengeplassar, fordelt på kyrkja, internatet og ein styrarbustad/kontorbygg.

Jønnbu er omgitt av vakker fjellnatur, skiheiser, skiløyper, stier og restaurant mm. På tunet er det flotte uteområde med gapahuk, klatrevegg/ klatrestokk og bålplass. Det er eit godt utstyrt kjøkken med matsal med god kapasitet. Kyrkjerommet er vigsla og brukast til gudstenester, vigslar og dåp. Internatet er utstyrt med toalett/ dusj, tørkerom og skistall. Jønnbu har også eigen leilighet med overnattingsplass.

Jønnbu Fjellkyrkje og ungdomssenter er ei sjølveigande stifting. Det er landsrådet i Noregs Kristelege Student- og Skoleungdomslag som vel styret for Jønnbu. Jønnbu skal gjennom leirverksemd og anna aktivitet styrke kristent ungdomsarbeid i regionen.

 

Arbeidsoppgaver

Dagleg leier rapporterer til styret, og har ansvar for drift av staden. Av arbeidsoppgåver/ ansvar kan nemnast:

  • Budsjett og rekneskapsoppfølging
  • Leirskuledrift
  • FDV (forvaltning, drift og vedlikehald)
  • Skaffe til veie nødvendig bemanning
  • Marknadsføring, booking og kundeoppfølging
  • Utviklingsarbeid
  • Vaktmeisteroppgåver

Styret har planar om oppgradering av bygningar, og dagleg leiar vil få ansvar for oppfølging av prosjektet.

 
 
Annet

Vi søkjer ein person som kan arbeide målretta for å vidareutvikle Jønnbu. Evne til å arbeide sjølvstendig er viktig. Dagleg leiar forpliktar seg på stiftingas verdiar og vedtekter. Relevant erfaring og personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Stillingsstørrelse vil blir drøfta i intervju, og vil vere avhengig av kva oppgåver som kan dekkast av den som blir tilsett.

Lønn etter avtale. Jønnbu har privat pensjonsordning.

Søknadsfrist: 5.desember

Vedlegg:
CV, aktuelle vitnemål og attestar samt kontaktinfo. til tre referansar.

 

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

  • Halgeir Vreim, dagleg leiar tlf. 92045385
  • Martin Stærk, styreleiar tlf. 91577038

 

Kontaktinformasjon:

Halgeir Vreim
Dagleg leiar
 92045385
 
Martin Stærk
Styreleiar
 91577038
Arbeidsgiver Jønnbu fjellkyrkje og ungdomssenter
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Lifjellvegen 966, 3800 Bø i Telemark
Publisert 2022-11-15
Søknadsfrist 2022-12-05
Stillingstype Inntil 70% fast stilling
Antall stillinger 1
Sektor Privat
Søk på stillingen
Jønnbu fjellkyrkje og ungdomssenter
Lifjellvegen 966
3800 Bø i Telemark
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger