Kateket - 100%

Volda kyrkjelege fellesråd har ledig stilling som kateket.

Kateketen har Volda kommune som tenesteområde og fast kontorarbeidsplass ved Volda kyrkjekontor saman med resten av staben. Kyrkjekontoret ligg i godt utstyrte moderne lokale, like ved Volda kyrkje.

Kateketen er leiar for undervisningsarbeidet og truopplæringsteamet vårt. I trusopplæringsteamet har vi kateketen og to trusopplæringsmedarbeidarar i deltidsstillingar

 

Følgjande område er prioritert i undervisningsarbeidet:

• Trusopplæring inkl. konfirmantarbeid

• Rekruttering og oppfølging av frivillige medarbeidarar og leiarar

• Samarbeid kyrkje - skule/barnehage

 

Eitt viktig satsingsområde dei næraste åra er:

• Vidareutvikling og revisjon av trusopplæringplanane for alle sokna.

 

Vi søkjer etter ein medarbeidar med høgare utdanning, slik kvalifikasjonskrav og tenesteordning for kateketar krev, men vil også vurdere søkjarar med anna relevant utdanning.

 

Vidare legg vi vekt på:

• Leiarerfaring

• Erfaring frå og interesse for arbeid med barn og ungdom

• Erfaring frå og interesse for leirarbeid

• Erfaring frå frivillig kyrkjeleg arbeid

• Evne til å skape gode relasjonar

• Evne til samarbeid og teamtenking

• Evne til å arbeide sjølvstendig og målretta

• Evne til å koordinere mange og ulike oppgåver på same tid

• God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne

• Erfaring i bruk av MS Office og programvare for kyrkja

• Erfaring frå informasjonsarbeid, bruk av nettsider og sosiale media

 

For å kunne utføre arbeidsoppgåvene i heile tenesteområdet må kateketen ha førarkort og disponere bil. Han/ho som vert tilsett må vere medlem av Den norske kyrkja. Elles skjer tilsetjinga i samsvar med Kvalifikasjonskrav og tenesteordning for kateketar, gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale for kyrkjeleg sektor.

Det er utarbeidd stillingsomtale for kateketstillinga i Volda kommune.

Vi nytter intervju som ein del av vurderinga av søkjarane.

For nærare opplysningar ta kontakt med kyrkjeverje Jostein Stråbø på tlf. 91663549 eller kateket Constanze Lindner tlf. 97179970.

Søknad med CV vert å sende Volda kyrkjelege fellesråd, postboks 17, 6101 Volda eller kyrkjekontoret@volda.kyrkja.no innan den 3. januar 2023.

Arbeidsgiver Volda kyrkjelege fellesråd
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Rådhusgata 6, 6100 Volda
Publisert 2022-11-18
Søknadsfrist 2023-01-03
Stillingstype Fast, 100%
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Volda kyrkjelege fellesråd
Rådhusgata 6a
6100 Volda
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger