Kyrkjemusikar i Lindås sokn

Alver kyrkjelege fellesråd

Alver kyrkjelege fellesråd har ledig 60% fast stilling som kyrkjelydsmusikar / kantor i Lindås sokn. Du blir hovudorganist i tre kyrkjer i soknet; Lindås, Hundvin og Myking. Det er gudstenester tre søndagar i måneden, og det er lagt opp til éi frihelg i månaden.

 

Lindås sokneråd og kyrkjelyden vil arbeide med
- Utviding av arbeidet med born og unge
- Å byggje eit inviterande og inkluderande gudsteneste/kyrkjelydsliv

 

Arbeidsoppgåver

  • Teneste ved kyrkjelege seremoniar, gravferder, gudstenester, vigsler og institusjonsandaktar
  • Planlegging og vidareutvikling av gudstenester og andre arrangementer saman med prest og frivillige i kyrkjelyden
  • Bidra til eit variert og heilskapleg song- og musikkliv
  • Støtte og fornye korarbeidet, spesielt med tanke på deltaking i gudstenestelivet
  • Bidra inn i soknet sitt arbeid med trusopplæring og skule/kyrkje-samarbeid
  • Delta i stabsmøter og vere ein del av teamarbeidet i staben
  • Rekruttere, samarbeide med og utvikle frivillige utøvarer innanfor ulike sjangrar
  • Ta del i fagleg og tverrfagleg samarbeid i fellesrådsområdet

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som kantor/kyrkjelydsmusikar
  • Gode samarbeidsevne
  • Erfaring frå og kunnskap om korarbeid
  • Trivast godt med å arbeida både sjølvstendig og i team
  • Kommunisere og samarbeide godt frivillige medarbeidarar i alle aldrar
  • God muntleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.

Personlege eigenskapar

  • Allsidigheit, fleksibilitet og samarbeidsevne
  • Erfaring frå liknande arbeid
  • Pedagogiske evner
  • Ha ønske om å vere med å styrke arbeidet i soknet
  • Det vil bli lagt vekt på at søkaren er personleg egna.

Vi tilbyr

  • Ei variert stilling i gode arbeidsmiljø
  • Lønn etter gjeldande tariff for kyrkjeleg sektor
  • Forsikringsordningar gjennom KNIF Trygghet
  • Pensjonsordning gjennom KLP

Anna:

  • Aktuelle søkjarar vil verta kalle inn til prøvespel og intervju
  • Det er krav om medlemskap i Den norske kyrkja.

 

Dei tre kommunane Lindås, Meland og Radøy i Nordhordland slo seg saman til Alver kommune frå årsskiftet 2020, og då vart også dei kyrkjelege fellesråda til Alver kyrkjelege fellesråd.
Alver har fem sokn, og pr 2021 eit medlemstal på rundt 23.000; som er 76% av folketalet. 
Kvart av sokna har eigne kontor, det same har fellesrådsadministrasjon. Det er også ei driftsavdeling som har ansvar for kyrkjegardar og kyrkjebygg.

Nettside: Kyrkja.no/alver

 

Kontaktinformasjon:

Grethe Lunde
dagleg leiar Lindås sokn
 
Ole Marton Ølberg
sokneprest Lindås sokn
Arbeidsgiver Alver kyrkjelege fellesråd
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Lonsvegen 1, 5914 Isdalstø
Publisert 2023-03-17
Søknadsfrist 2023-04-02
Stillingstype Fast, 60% deltid
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Alver kyrkjelege fellesråd
Lonsvegen 1
5914 Isdalstø
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger