Kyrkjeverje/dagleg leiar i Haram kyrkjelege fellesråd frå 01.08.23

Ålesund kyrkjelege fellesråd

Vi søker Kyrkjeverje/dagleg leiar i Haram kyrkjelege fellesråd frå 01.08.23

Stortinget har bestemt at noverande Ålesund kommune blir delt i Haram kommune og Ålesund nye kommune,  frå 01.01.24. Etter gjeldande kyrkjeordning skal begge dei nye kommunane ha sitt eige kyrkjelege fellesråd. Det nye fellesrådet i Haram skal vere konstituert seinast 30.11.23.

I Haram er det 5 sokn med 6 kyrkjer og 9 gravplassar. Kommunen ligg ved kysten og inkluderer 4 øyar; Lepsøy, Haramsøy, Longva og Fjørtoft, som no er landfaste gjennom Nordøyvegen. Kyrkjekontoret er i Brattvåg, 4 mil frå forretningsområdet Spjelkavik/Moa i Ålesund kommune.

Den nye kyrkjeverja i Haram blir tilsett i 100% fast stilling frå 01.08.23 og fungerer fram til 01.01.24 som prosjektleiar for oppdelinga av noverande Ålesund fellesrådsområde. I samband med oppdelinga er det viktig med ein leiar som er samlande og kontaktskapande.

 

Vi søker difor etter ein person som kan:

Vere verksemda sin daglege leiar i ei spanande tid for organisasjonen

  • Styrke kontakten med kommunen og andre samfunnsaktørar
  • Vere verksemda sin daglege leiar i ei spanande tid for organisasjonen
  • Vere ein dyktig arbeidsgjevar som bidrar til å skape ein felles organisasjonskultur
  • Vere ein god forvaltar av kyrkjeleg økonomi og eigedom
  • Legge til rette for god gravferdsforvaltning for alle innbyggarar i kommunen

Vi ønsker søkjarar med følgjande kvalifikasjonar og eigenskaper:

Utdanning frå høgskule/universitet

  • Leiarerfaring frå kyrkjeleg arbeid, offentleg forvaltning, organisasjonsarbeid eller næringsliv
  • Gode leiareigenskapar
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Evne til samarbeid, strategisk leiing og god til å motivere medarbeidarar
  • Kreativ, med evne til nyskaping og samspel
  • Gode kunnskapar og erfaring innan forvaltning av personell, økonomi og bygg/anlegg
  • God kjennskap til kyrkjeleg verksemd
  • Erfaring frå endringsleiing,  plan- og utgreiingsarbeid
  • Stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne Personleg eigna til stillinga

Det er viktig at søkjarar har kjennskap til organiseringa og strukturen til Den norske kyrkje. Kyrkjeverja må vere medlem av Den norske kyrkje. Administrasjonsspråket i Haram er nynorsk.

 

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Pensjons- og forsikringsordning i KLP
  • IA-bedrift og bedriftshelseteneste
  • Ein spanande leiarjobb i et kreativt og tverrfaglig miljø

Opplysningar om stillinga kan du få ved å kontakte kyrkjeverje i Ålesund, Andrea Hunger, tlf 47830069 eller leiar i Haram kyrkjelege fellesrådsutval, Edvard Orvik, tlf 99547940

Søknad skal sendast elektronisk til www.kirkejobb.no
Søknadsfrist 08.05.23

 

Etter kommunesamanslåing frå 1.1.2020 har Ålesund  65 000 innbyggarar. Ålesund kyrkjelege fellesråd har arbeidsgivaransvar for meir enn 70 tilsette i sokna, på kyrkjegardane og i fellesrådets administrasjon. Fellesrådet har forvaltningsansvar for 16 kyrkjer og 24 kyrkjegarder, i tillegg til eit krematorium, gravkapell og ei  rekke driftsbygningar. Drifts- og investeringsbudsjettet i 2020 er på over 90 millionar kroner.

 

Kontaktinformasjon:

Andrea Hunger
Kyrkjeverge
 
Edvard Orvik
Leiar i Haramkykjelege fellesrådsutval
Arbeidsgiver Ålesund kyrkjelege fellesråd
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Langelandsvegen 17, 6010 Ålesund
Publisert 2023-03-24
Søknadsfrist 2023-05-08
Stillingstype Fast, 100%
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Ålesund kyrkjelege fellesråd
Langelandsvegen 17
6110 Ålesund
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger