Kyrkjeverje/dagleg leiar

Stillinga som kyrkjeverje i Suldal kyrkjelege fellesråd er ledig frå 1. august.

I fellesrådsområdet (Suldal kommune) er det 4 sokn, 4 kyrkjer og to kapell. Kyrkjekontoret ligg i kommunesenteret, Sand, og i staben er det to sokneprestar, diakon, kyrkjelydspedagog, organist og kyrkjeverje.

Suldal kommune ligg nordaust i Rogaland, og det bur i underkant av 4000 personar i kommunen. Vakker og variert natur som strekkjer seg frå fjord til høgfjell gir gode forhold for friluftsliv heile året. Det er godt barnehage-, skule- og kulturtilbod i kommunen.

 

Arbeidsoppgåver

Kyrkjeverja er dagleg leiar for fellesrådet si verksemd. Dagleg leiar har ansvar for saksførebuing og iverksetjing av tiltak vedtatt av kyrkjeleg fellesråd. Hovudoppgåvene vil vera innafor følgjande felt:

  • Personalansvar for dei tilsette i kyrkjeleg fellesråd
  • Budsjett og økonomistyring
  • Drift, vedlikehald og nyanlegg knytt til kyrkjer/kapell
  • Forvaltning av gravplassar
  • Samarbeid med sokneråda og med kommunen
  • Informasjonsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Relevant universitets-/høgskuleutdanning
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Kjennskap til organisering og arbeid i Den norske kyrkja

Personlige eigenskapar

  • Evne til å arbeida sjølvstendig, samarbeida og motivera
  • Personleg eignaheit vil verta vektlagt.
  • Løysingsorientert

Søkjar må vera medlem i Den norske kyrkja. Den tilsette må disponera eigen bil. Administrasjonsspråk er nynorsk.

Vi tilbyr

  • Ei mangfaldig, meiningsfull og sjølvstendig stilling i eit raust arbeidsmiljø
  • Lønn etter avtale
  • Pensjonsordning i Klp

 

Kontaktinformasjon:

Anne Marit Øvstebø
Kyrkjeverje
Arbeidsgiver Suldal kyrkjelege fellesråd
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Sandsvegen 134, 4230 Sand
Publisert 2024-02-19
Søknadsfrist 2024-03-10
Stillingstype Fast, 100%
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Suldal kyrkjelege fellesråd
Sandsvegen 134
4230 Sand
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger