Kantor/organist/kyrkjemusikar

Bremanger ligg i Sogn og Fjordane, ein kystkommune med underkant av 4.000 innbyggjarar. Kommunen har god barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv. Her er variert natur med gode tilhøve for å drive eit aktivt friluftsliv. Kommunen har eit rikt song og musikkliv som vi ønskjer å inkludere i gudstenestelivet.

Ledig stilling som kantor/ organist/kyrkjemusikar.

 

 

Bremanger kyrkjeleg fellesråd har ledig i 80% stilling som organist/kantor/kyrkjemusikar i Midtgulen, Davik, Ålfoten og Rugsund sokn.

 

Sentrale arbeidsoppgåver vert:

  • Leiar for kyrkjelydane si kyrkjemusikkalske verksemd.
  • Planlegge og medverke ved gudstenester og kyrkjelege handlingar ved kyrkjene i Midtgulen, Svelgen, Davik, Ålfoten og Rugsund.
  • Speling ved andakter på Klokkartunet og Svelgen bu og servicesenter.

 

For stillinga krevst:

Utdanning, jfr. kvalifikasjonskrav og tenesteordning for kantorar eller tilsvarande.

Førarkort.

 

Vi tilbyr:

Stillinga vert lønna etter avtale. Tilsetting skjer etter gjeldande lovverk, reglement. Pensjonsordning gjennom KLP. Den tilsette må vere medlem av Den norske kyrkja.

 

Kommunen har ein aktiv kulturskule der det er behov for lærarar i musikkundervisninga.

 

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til kyrkjeverje i Bremanger,

e-post: bjarki.hrafnsson@bremanger.kommune.no eller tlf. 91706595 eller 41803976.

Her finn du oss på internett: www.bremanger.kommune.no/kyrkje og www.visitbremanger.no

 

Skriftleg søknad med rettkjende kopiar av attestar og vitnemål sender ein til Bremanger kyrkjeleg fellesråd, Rådhuset postboks 104, 6721 Svelgen.

Søknad på e-post sendes til: bjarki.hrafnsson@bremanger.kommune.no

 

Søknadsfrist: 25. mars 2024

Arbeidsgiver Bremanger kyrkjeleg fellesråd
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Rådhuset, 6723 Svelgen
Publisert 2024-02-27
Søknadsfrist 2024-03-25
Stillingstype Fast, 80% deltid
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Bremanger kyrkjeleg fellesråd

6723 Svelgen
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger