Kirker og trossamfunn
  • Bjørgvin bispedøme
  • Sokneprest i Sogn prosti med sokna i Vik som tenestestad

    Fast
    Søknadsfrist: 06.09.2026
    Sokneprest i Sogn prosti med sokna i Vik som tenestestad

    Det er ledig stilling i som sokneprest i Vik.

    Vi søkjer ein prest som kan vere ein aktiv medspelar i å utvikle levande kyrkjelydar i bygdene i Vik.

    Sokna Vik, Vangsnes, Feios, Fresvik og Arnafjord i Vik kommune ligg på sørsida av Sognefjorden og har omlag 2550 innbyggjarar. Vik er ein aktiv jordbrukskommune med eit sterkt og allsidig næringsliv i alle bygdene. Vik er også ein reiselivs- og kulturkommune. Idrettslaga her driv godt, særleg innan skiskyting, fotball og friidrett. Kommunen har store og lett tilgjengelege fjellområde og fleire turistforeiningshytter, og er ein storslagen og  spennande plass for den friluftsinteresserte. Det er om lag 1 time og 15 minutt reisetid både til Voss og til regionsenteret Sogndal.

    I kommunen er det sju kyrkjer, mellom dei er det ei stavkyrkje og ei steinkyrkje frå mellomalderen. Det er i dag fem kyrkjesokn i kommunen, og ein prosess med sikte på tettare samarbeid mellom sokneråda er starta opp. Det er gudsteneste i hovudsoknet Vik annakvar søndag, i dei andre sokna er det gudsteneste om lag sjette kvar veke.

    I Vik sentrum er det Kyrkjestove med bra aktivitet. Her er mellom anna småbarnstreff og kvardagsskule i kyrkjelydsregi. Det er til vanleg 15 – 25 konfirmantar i året. Å utvikle kyrkjelydsarbeidet vidare med større grad av frivillig innsats er eit viktig satsingsområde i sokna.

    Staben satsar mykje på samarbeid, og har sine kontorplassar er på Kommunehuset i Vik. Der er sokneprest og kyrkjeverje er i fulle stillingar. I staben er også kyrkjemusikar, kyrkjelydsarbeidar og kyrkjetenarar i ulike stillingsstorleikar. I Vik er det også fengselsprest som i halv stilling gjer teneste i Vik fengsel,

    Den romslege prestebustaden i Vik sentrum vert stilt til disposisjon for presten. Bustaden er i god stand og ligg sentralt i bygda med gangavstand til kyrkje, skule, idrettsanlegg og butikkar.

    Sogn prosti omfattar kommunane Vik, Sogndal, Luster, Årdal, Lærdal og Aurland. Prestetenesta i prostiet vert leia av prosten. Med jamne mellomrom samlar prosten dei 12 prestane i prostiet til fagleg utvikling, åndeleg fellesskap og kollegafellesskap.

    Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via Webcruiter. 

    Arbeidsoppgåver

    • Kyrkjelege handlingar og gudstenester etter oppsett plan
    • Planlegging og utviklingsarbeid i samarbeid med kyrkjeleg tilsette, med medlemar i råd og utval og frivillige medarbeidar
    • Beredskapsordning etter gjeldande ordning for Den norske kyrkja

    Kvalifikasjonar

    • Cand.theol, med praktikum eller master i teologi og praktikum
    • Medlemsskap i Den norske kyrkja

    Personlege eigenskapar

    • Ein tydeleg og planmessig leiar for kyrkjelyden, som bidreg til utvikling
    • Evne og vilje til samarbeid og fleksibilitet
    • Evne til å synleggjere kyrkja i lokalsamfunnet
    • Søkar må kunne samarbeide også liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologisk usemje

    Vi tilbyr

    • Stillingskode 1555 sokneprest etter KA sitt tariffområde
    • Pensjonsordning hos KLP
    • Reiseutgifter godtgjort etter gjeldande regulativ
    • Til løna kjem særskilte regulativmessige godtgjersler
    • Arbeidsrettleiing (ABV)
    • Tilbod om å bu i Vik prestebustad

    Andre opplysningar

    Søkjar bør ha førarkort klasse B og disponere bil.

    Skriftspråket er nynorsk. Søkjarar må opplyse om ein nyttar begge dei norske målformene.

    Bjørgvin bispedøme skal vere ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, seksuell orientering og funksjonsevne. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke.

    Det vil bli utarbeida ei offentleg søkjarliste etter offentleglova § 25, jf. kyrkjeordning for Den norske kyrkja § 42. Dersom du ønskjer unntak for denne, må du grunngje det i søknaden. Søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om unnatak. Grunnlag for handsaming etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g.

    Den som blir tilsett, må leggje fram tilfredsstillande uttømmande politiattest etter politiregisterloven § 41, straffegjennomføringsloven § 8 og trosamfunnsloven § 20.

    Arbeidssted: Fjordavegen 1, 6893 Vik i Sogn

    Kontaktinformasjon:

    HR-sjef i Bjørgvin bispedøme: Therese Nesse Mokkelbost
    Tlf: 936 12 276

    Prost i Sogn: Kjell Olav Høstaker Nordheim
    Tlf: 482 43 056