Regionleiar Sogn og Fjordane

Har du lyst til å leie Normisjon inn i framtida? Normisjon, Region Sogn og Fjordane er ein av 13 regionar i Normisjon. Normisjon er ein evangelisk luthersk misjonsorganisasjon med arbeid i Norge og 10 land i Asia, Afrika og Latin-Amerika. Vår visjon er Jesus Kristus til nye generasjonar og folkeslag.

Sogn og Fjordane satsar på innovasjon og utvikling slik at vi når nye generasjonar. Vi er godt i gang med menighetsplanting og to store, unge miljø er allereie etablert og supplerer det tradisjonelle foreiningsarbeidet på ein god måte. Dette vil vi sjå meir av og mogelegheitene er mange.

Vi har to stillingar knytt til barne- og ungdomsarbeidet (Acta) og to fellesskapsutviklarar som er knytta mot planteprosjekta.

Regionen er eigar av fleire einingar, m.a. eit hotell, retreatsenter, barnehage, to leirstader og to folkehøgskular. Regionkontoret har totalt fire årsverk og kontoret er plassert på Sandane.

Foto: Ingebjørg Isane Fure

Det er ønskeleg med utdanning på høgskulenivå, men anna relevant utdanning og bakgrunn er interessant.  Personleg eigenskapar vil bli vektlagt.

Søkjar må identifisere seg med Normisjons teologiske ståstad og verdigrunnlag, slik dette er uttrykt i verdidokument for tilsette.

Hovudansvarsområde

  • Den overordna leiinga av regionen og tilsette
  • Inspirere og motivere til etterfølgelse og misjon
  • Økonomistyring
  • Inntektsbringande arbeid

Vi tilbyr

  • Spennande stilling i ein vital stab
  • Kvardag prega av meining, utvikling og positivitet
  • Å vere med å byggje og utvikle noko nytt og flott
  • Løn og vilkår etter avtale i tråd med Normisjon sine lønsregulativ

Er du interessert? Send søknad eller ta kontakt for ein uformell samtale.

Søknadsfrist 20. Januar 2020

Send søknad eller ta kontakt med:

Regionleiar Jesper Lemming
E-post: jbl@normisjon.no
Mob: 90229018

Styreleiar Svein-Ottar Sandal
E-post:  svein.sandal@enivest.net
Mob 90969342

Arbeidsgiver Normisjon
Kategori Administrasjon, økonomi og juss
Arbeidssted Sandane
Publisert 2019-12-20
Søknadsfrist 2020-01-20
Stillingstype fast
Antall stillinger 1
Sektor Privat
Søk på stillingen
Normisjon

Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger