Vikar for kateket/kyrkjelydspedagog

Hustadvika er ein kommune med om lag 13000 innbyggjarar. Vi har fem kyrkjer og eit kapell. I staben er vi 4 prester, 3 organistar, trusopplærar, kyrkjeverje, assisterande kyrkjeverje, kontormedarbeidar, kyrkjetenarar og du som får jobben som kateket/kyrkjelydspedagog. Hovudarbeidsområdet ditt blir sokna Vågøy og Myrbostad, Bud, Hustad. Kontorplassen ligg i Elnesvågen.

Vi søkjer etter engasjert og allsidig person som kan vikariere for kateketen vår frå 1. oktober til 1.august

Stillinga er i utgangspunktet 100%, men andre stillingsstørrelsar kan også diskuterast.

Arbeidsoppgåver

- Planleggje, administrere og gjennomføre trusopplæringstiltak og gudstenester etter vedteken trusopplæringsplan i samarbeid med resten av staben og frivillige medarbeidarar

- Vere med i noko konfirmantarbeid

- Ansvar for å planlegge og gjennomføre samlingar med barnehagar til jul og påske.

- Korleiing kan vere aktuelt

- Informasjonsarbeid

- Kvelds- og helgearbeid må påreknast

Kvalifikasjonar

- Utdanning som samsvarar med tenesteordning for kateketar eller tilsvarande kyrkjelydspedagog (bachelor med kristendom og pedagogikk)

- Anna relevant utdanning og kompetanse kan også bli vurdert.

- Gode kommunikasjons- og formidlingevner

- God til å jobbe sjølvstendig og saman med andre

- Du må vere medlem av Den norske kyrkja

- Du må disponere eigen bil og ha førarkort kl. B

- Det krevjast tilfredsstillande politiattest jfr kyrkjelova §29

Vi tilbyr

- Spanande og allsidige arbeidsoppgåver

- Fleksibel arbeidstid

- Lønns- og arbeidsvilkår etter gjeldande regulativ i kyrkjeleg sektor.

- Pensjonsordning i KLP

Kontaktinformasjon
Kyrkjeverje Harald E. Hagen 411 47 857 harald.hagen@hustadvikamenighet.no eller kateket Anne Marie Sødal: 906 44 665

Søknad med CV sendast til Hustadvika kyrkjelege fellesråd, Bøen 7, 6440 Elnesvågen eller e-post harald.hagen@hustadvikamenighet.no seinast 10. august.

 

Arbeidsgiver Hustadvika kyrkjelege fellesråd
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Bøen 7, 6440 ELNESVÅGEN
Publisert 2020-07-08
Søknadsfrist 2020-08-10
Stillingstype Vikariat
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Hustadvika kyrkjelege fellesråd
Bøen 7
6440 ELNESVÅGEN
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger