Vi søkjer ein engasjert kantor i 50 % stilling til kyrkjene på Osterøy. Vi har 5 kyrkjer som alle ligg idyllisk til, i vakker natur, om lag 45 min frå Bergen sentrum. Hamre kyrkje er eldst og er ei tømmerkyrkje frå 1620-talet. Ei er frå 1796, og dei tre andre frå rundt 1870. Osterøy er ein liten kommune med vel 8000 innbyggjarar.
Vi høyrer inn under Åsane prosti og har eit felles kyrkjekontor i Lonevåg, for alle fem sokna. Her finn ein to prestar, kantor og organist, trusmedarbeidar, konfirmantlærar, sekretær og kyrkjeverje. Kvar kyrkje har ein kyrkjetenar og fellesrådet har 2-3 tilsette på gravplassfeltet.
I arbeid med gudsteneste og kyrkjelege handlingar er kantoren den næraste samarbeidspartnaren til prestane. Det er ønskjeleg at kantoren har brei musikalsk kompetanse for å leie kyrkjelydane i salmesong og lovsong, både gjennom tradisjonelle og moderne, yngre musikkuttrykk. Samspel med frivillige krefter er avgjerande i dette.
Kantoren er også ein viktig ressurs for trusmedarbeidaren i sitt arbeid med barn og ungdom.
Gjerstad kyrkje har eit 17-stemmers Paul Ott-orgel frå 1977. Haus kyrkje har eit romantisk orgel med 12 stemmer, levert av Heggen og Ivers i 1930. Bruvik kyrkje har eit 8-stemmers orgel bygd av G. F. Husted i 1994. Hosanger kyrkje har eit romantisk 6-stemmers Olsen & Jørgensen-orgel frå 1899. I Hamre kyrkje står eit barokk-orgel bygd av Gebr. Reil frå 1990 med 13 stemmer. Alle kyrkjene har gode piano, Hamre har eit særs godt, nytt Yamaha-piano.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Anna
Kontaktinformasjon
Edvin Bratli, kyrkjeverje. Tlf. 56192280 / 98067960
Arbeidsstad
Lonevågen 5, 5282 Lonevåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Osterøy kyrkjeleg fellesråd
Stillingsprosent: 50 %, fast
Søknadsfrist: 28.08.2020