Sokneprest med tenestestad Kvikne og Sødorp sokn

2. gangs utlysing. Stillinga som sokneprest i Kvikne og Sødorp sokn er ledig.

Kvikne og Sødorp er to av dei fire sokna som ligg i Nord-Fron kommune, midt mellom Oslo og Trondheim. Det er mykje samarbeid med soknepresten i dei to andre sokna, Kvam og Skåbu.   Sokna har preg av typisk folkekyrkje. Her er eit rikt kulturliv og flotte område for friluftsliv, med eit stabilt og godt klima sommar som vinter og med kort avstand til skianlegga ved Gålå, Kvitfjell og Hafjell. Her er gode kommunikasjonar med tog, buss og bil.


Sentrum i Nord-Fron er Vinstra med full barnehagedekning, barneskule, ungdomsskule og vidaregåande skule og butikkar som dekker dei fleste behov.
Næringslivet er prega av jord- og skogbruk, servicenæringar, turisme og noko småindustri. Det er om lag 2500 hytter i kommunen.


Folketalet i kommunen ligg på ca 5700, og ca 85% er medlemar i Den norske kyrkja.  Kyrkjene er alle tømra krosskyrkjer og rikt utsmykka med vakker treskurd. Sødorp kyrkje frå 1750 har 300 plassar, Skåbu kyrkje frå 1927 rommar 150, Kvikne kyrkje er frå 1764 og har 175 plassar, og Kvam kyrkje med 450 plassar blei bygd opp att i 1952 etter at ho brann ved krigshandlingane i april 1940. Opphaveleg var kyrkja frå 1776, og den nye vart bygd større, men mykje lik den gamle. Sødorp kapell med 170 sitteplassar er frå 1929, da Sødorp kyrkje vart flytta dit ho no står. Det er kyrkjegardar rundt alle kyrkjene og kapellet.


Ein nyttar liturgiar på nynorsk i Kvam og Kvikne, medan det er 50/50 % bokmål og nynorsk i Sødorp og Skåbu. Det nyttast nynorsk for alle gudstenester for born og unge i alle sokna. Målforma i kommunen og på alle skulane i Nord-Fron er nynorsk. Det er i alt 115 forordna gudstenester i dei fire sokna.
 
Sommarstid har alle sokna ein til to setermesser/friluftsgudstenester og i påska haldast gudstenester i hytte- og utfartsområde.
Det var i 2020 (2019) i alt  ( 35) dåp, 55 (55) konfirmantar, 2 (9) vigslar og 56 (53) gravferder i Nord-Fron.
 
 
Kyrkjekontoret ligg sentralt på Vinstra. Her er kontor for heile staben. Staben består av 2 sokneprestar, kyrkjeverge, trusopplærar og diakon, fire kyrkjetenarar, kyrkjemusikar og sekretær.  Begge soknepreststillingane lysast no ut, dette gjeld og stillingane til kyrkjemusikar (100%), diakon (50%) og trusopplærar/kyrkjelydspedagog (50% vikariat).   I Nord-Gudbrandsdal prosti legg ein vekt på arbeidsmiljø prega av gode ferdigheter til formidling, kommunikasjon og gudstenester som engasjerer og der store og små involverast.  Stillinga kan og passa til ein nyutdanna.

Frå kyrkjekontoret er det 1 km til Sødorp kyrkje, 10 km til Kvikne, 11 km til Kvam og 25 km til Skåbu.
 
Ønske om å få namnet sitt unntatt offentlegheit kan ikkje påreknast. Grunn må vurderast ut frå off.lova §25.
Den som blir tilsett må vise fram politiattest utan bemerkning.

 

Arbeidsoppgaver

TENESTEVEKER: Arbeidet vert fordelt med tenesteveke med gravferder og vigsler annankvar veke.   Gudstenester etter oppsatt plan.
INSTITUSJONAR: Sundheim Bo- og treningssenter har 72 plassar for rehabilitering, korttids og avlasning, samt sjukeheim.  Prestane og diakon har turnus på å vitja dei fire avdelingane slik at to avdelinger får andakt og besøk ei veke, og dei to andre avdelingane neste veke.

KONFIRMANTAR: Konfirmantopplegget har hatt leir saman med konfirmantane frå fleire av dei andre kyrkjelydane i prostiet.  Det er undervisning og samlingar lokalt og konfirmasjon i  mai/juni.  Konfirmasjonane i år vert halde til hausten.

TRUSOPPLÆRING: Trusopplæringsarbeidet omfattar alle born og unge i alderen 0-18 år, og sokneprestane tar del i dette arbeidet.

BEREREDSKAP: Prestane er med i beredskap knytt til Nord-Gudbrandsdal prosti, 10 prestar deler dette arbeidet.

RÅDSARBEID: Den som vert tilsett har sete i Sødorp og Kvikne sokneråd.  Biskopen oppnemner den av prestane som skal sitje i Nord-Fron kyrkjelege fellesråd.
Biskopen oppnemner den av prestane som skal sitje i Nord-Fron kyrkjelege fellesråd og kven som skal være vara til Nord-Fron kyrkjelege fellesråd.
SAMARBEID I PROSTIET: Ein må også rekne med nokre tenester elles i prostiet.  Kvar månad kallar prosten prestane i prostiet saman til konvent.  Eit særskild satsingsområde i prostiet er å utvikle det friviljuge engasjementet særleg inn mot gudstenestelivet.

Kvalifikasjoner
Cand.theol – profesjonsstudium teologi (etter 2004)
Praktisk teologisk utdanning
Personlige egenskaper

Det er ynskjeleg med erfaring innan born- og ungdomsarbeid.

Teamarbeider.

Vi tilbyr
Stillinga vert løna som 1555 sokneprest
Innskot i Statens Pensjonskasse.
I tillegg til løna kjem særlege regulative godtgjersler.
Tilsettinga skjer i samsvar med gjeldande lov- og regelverk for tilsetting i Den norske kyrkja.  Den som vert tilsett må rette seg etter endringar i ansvars- og arbeidsoppgåver samt tenestedistrikt som i framtida kan gjennomførast innanfor lov- og regelverk og tenesteordning for prestar i Den norske kyrkja.
Arbeidsrettleiing blir tilbodne prestane i Hamar bispedømme.
 
Dei som er interessert i stillinga er velkommen til eit besøk i Nord-Fron på bispedømme sin rekning.  Ta kontakt med oss
Arbeidsgiver Hamar bispedømme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Øvregata 39, 2640 Vinstra
Publisert 2021-02-23
Søknadsfrist 2021-03-07
Stillingstype Fast, 100%
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Hamar bispedømme

Hamar
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger