Sokneprest i Sunnhordland prosti, Fjelberg & Eid og Åkra sokn/sokna i Kvinnherad

Den norske kirke, Bjørgvin bispedøme

Det er ei ledig stilling som sokneprest i Sunnhordland prosti med Fjeldberg & Eid sokn, Åkra sokn og sokna i Kvinnherad som tenestestad.

I Kvinnherad kommune er det vel 13 000 innbyggjarar. Her er flott natur som gjev gode høve til rekreasjon og naturopplevingar. Det er også eit variert næringsliv med m.a. Hydro Husnes og Valen sjukehus. Husnes har eit stort butikksenter og Kvinnherad vidaregåande skule. Det går ei hurtigbåt til Stord frå Ranavik og Sunde med hyppige avgangar morgon og ettermiddag, her er og ein attraktiv arbeidsmarknad.

Fjelberg og Eid sokn ligg i sørlege delen av Kvinnherad kommune. Dette soknet har omlag 1700 medlemmer. Det ligg også barneskule, ungdomsskule og Sunnhordland folkehøgskule her. Soknepresten har jamleg andakt på sjukeheim og omsorgsbustader på Halsnøytunet. Halsnøy kloster ligg også i soknet, ein nøkkelstad på Kystpilegrimsleia. Soknet har to trekyrkjer: Eid kyrkje (1824) og Fjelberg kyrkje (1722). Soknet har også fleire bedehus, mellom anna Høylandsbygd bedehus som er nytta som gudstenestestad. Det er gudsteneste i soknet dei fleste sun- og heilagdagar

Åkra sokn ligg nord-aust i kommunen, og medlemstalet her er 150. I soknet er det barnehage og barneskule. Soknet har ei kyrkje: Åkra kyrkje (1735). Det blir halde gudsteneste om lag kvar fjerde sundag. 

Soknepresten har sete i sokneråda Fjelberg & Eid og Åkra, og har hovudansvar for kontakt mellom kyrkje, skule og barnehage i soknet, og for konfirmantarbeidet. Det er eit godt samarbeid mellom tilsette i kyrkja og friviljuge medarbeidarar i kyrkje og bedehus. I sokna er det også fleire former for barne- og ungdomsarbeid. 

Det er felles kyrkjekontor på Valen for alle sokna i Kvinnherad kommune. Her er kontor for kyrkjeverje, dei fire sokneprestane i kommunen, kantor/organistar, trusopplærarar og kontormedarbeidarar. Dei tilsette samlast til regelmessige møter. Sokneprestane deler tenestevekene og samarbeider om prestetenesta.

Les meir om sokna på https://www.kvinnherad.kyrkja.no/

Prosten leiar prestetenesta i prostiet. Prestane vert kalla inn til jamlege samlingar for fagleg utvikling, åndeleg fellesskap og teambygging.

Målforma i prostiet er nynorsk. Den som vert tilsett bør kunne nytte denne målforma.

Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjarane kan verte offentlege sjølv om søkjarane ber om å bli unnatekne offentleg søkjarliste. Den som blir tilsett, må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest), jf. trossamfunnsloven § 20 jf. politiregisterloven § 39 (1). Søkjar bør ha førarkort klasse B og disponere bil.

Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via WebCruiter.   

 

Arbeidsoppgåver
  • Gudstenester og kyrkjelege handlingar etter oppsett plan
  • Medlem i Fjelberg & Eid og Åkra sokneråd
  • Konfirmantarbeid
  • Kyrkjelydsbyggjande arbeid
  • Beredskap etter gjeldande ordning for Den norske kyrkja. 
Kvalifikasjonar
  • Cand.theol. med praktikum eller tilsvarande / Master i teologi og praktikum
Personlege eigenskapar
  • God evne og vilje til samarbeid med stab, råd og frivillige
  • Engasjement for prestetenesta
  • Evne til å kommunisere med ulike aldersgrupper
Vi tilbyr
  • Stillingskode 1555 Sokneprest etter KA sitt tariffområde
  • Pensjonsinnskot i Statens pensjonskasse
  • Reiseutgifter godtgjort etter gjeldande regulativ
  • Til løna kjem særskilte regulativmessige godtgjersler
  • Arbeidsvegleiing (ABV)
Arbeidsgiver Bjørgvin Bispedøme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Klubbavikjo 9, 5451 Valen
Publisert 2021-06-17
Søknadsfrist 2021-08-15
Stillingstype 100%, fast
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Bjørgvin Bispedøme

Bergen
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger