Kyrkjeverje/dagleg leiar

Då vår noverande kyrkjeverje går over i prestestilling i Kinn vert det lyst ut etter ny kyrkjeverje frå 01.12. 2021. 
Kinn strekker seg mot Stadhavet i nord og Svanøy i Sør og øya Kinn i vest og Jostedalsbreen i aust. Her bur det ca 17000 menneske. Eit frodig folk mot vest som er stolte over å tilhøyre kysten av Norge.  Her er gode kommunikasjonsforbindelsar i lufta, på vatn og på land. 


Kinn kyrkjelege fellesråd (KKF) er service- og forvaltningsorganet for Den norske kyrkja sine 6 sokn i Kinn kommune. Det er to sentra i kommunen Måløy og Florø. Det er difor to kyrkjekontor. 
Kinn har 6 sokn,  7 vakre kyrkjer,  20 fine gravplassar spreidt utover. Folk er glade i kyrkjene og gravplassane sine. 


Fellesrådet har i dag til saman om lag 20 tilsette, herunder kantorar, kyrkjetenarar, kyrkjelydsarbeidarar, kateket, gravplasstilsette, sekretær, avdelingsleiar og kyrkjeverje fordelt i Måløy og Florø. Det er to prestestillingar i Måløy og tre i Florø. Prestane er tilsette i Bjørgvin bispedømme. 


KKF står for bygging, vedlikehald og drift av kyrkjebygg og gravplassar i Kinn kommune. Vi tek i vare administrative og økonomiske oppgåver for Den norske kyrkja sine kyrkjelydar i Kinn og er arbeidsgjevar for dei tilsette.
 
Kyrkja ønskjer å vere tenande og open folkekyrkje som er til stades i medlemmane sitt liv – og ein aktiv medspelar mellom anna i kommunen sitt omsorgsarbeid, kulturverksemd og barne- og ungdomsarbeid. 

 

Arbeidsoppgaver
  • Vidareutvikle og leie kyrkja saman med fellesråd og tilsette  
  • Dagleg leiar for fellesrådet si verksemd frå 01.01.2022 
  • Økonomistyring og personalleiing 
  • Ansvar for rekruttering, forhandlingar/drøftingar med tillitsvalde, kompetanseutvikling av tilsette, HMS og internkontroll. 
  • Utvikle og bygge ein organisasjonskultur som stimulerer til begeistring, lojalitet og trivsel i arbeidsmiljøet på alle nivå
  • Ansvar for planlegging og økonomistyring 
  • Ansvar for drift og vedlikehald av kyrkjebygg og gravplassar.
  • Sekretær og sakshandsamar for fellesråd og utval 
  • Kontakt med og rapportering til offentlege myndigheiter 

 

Innhaldet i stillinga vil bli utvikla i samarbeid med stillingsinnehavar i høve fellesrådet sine prioriteringar og intern organisering av Den Norske Kyrkja.

Kvalifikasjoner
  • Leiarerfaring og god økonomi- og datakunnskap 
  • Universitets-/høgskuleutdanning innanfor økonomi, leiing og eller kommunal forvaltning. Søkarar med anna relevant utdanning og praksis kan vurderast. 
  • God innsikt i, interesse og engasjement for kyrkjeleg verksemd, og kjennskap til Den norske kyrkja som organisasjon 
  • Medlem i Den norske kyrkja 
  • Beherske nynorsk, då målforma i kommunen er nynorsk 
  • Førarkort klasse B 

Personlige egenskaper
  • Vi legg vekt på personlege eigenskapar som t.d. at du tek initiativ, er fleksibel, motiverande,  har gode samarbeidsevner og kan arbeide systematisk og målretta. 

Vi tilbyr
  • Eit godt arbeidsfellesskap saman med løna og uløna medarbeidarar, engasjerte sokneråd i aktive kyrkjelydar og godt samspel med andre lag og organisasjonar i kommunen. Tilsetjing og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og avtalar innan KA sitt tariffområde. Pensjonsordning i KLP 
  • Kontor på kyrkjekontoret i Florø med kontordag i Måløy 1 dag i veka. Reisa tek med hurtigbåt 1 t og 20 min.


Den som vert tilsett vil verta beden om å leggja fram tilfredsstillande politiattest i medhald av politiregisterloven § 39 . Den tilsette bør kunne disponere eigen bil. Det vert gjeve reisegodtgjersle etter staten sitt regulativ. 

 

Søknadsfrist: 23. august 2021

 

Kontakinformasjon:

Dag Almenning, leiar, 909 47 872

Erling Bakke Nydal, kyrkjeverje, 478 68 314

 

Arbeidsgiver Kinn Kyrkjelege Fellesråd
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Florø
Publisert 2021-07-02
Søknadsfrist 2021-08-23
Stillingstype Fast, 100%, Heltid
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Kinn Kyrkjelege Fellesråd

Florø
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger