Sokneprest i Jæren prosti med Gjesdal sokn som tenestestad - vikariat

Stavanger bispedømmeråd søkjer vikar for soknepresten i Gjesdal sokn, Jæren prosti. Vikariatet har tidsramma 01.01.2022-30.09.2024 og er i 100% stilling.

Vi søkjer ein sokneprest som har evner til relasjonsbyggjande og kyrkjelydsbyggjande arbeid. Soknepresten vil arbeida saman med stab og sokneråd om trusopplæring og gudstensteutvikling.

Gjesdal sokn dekkjer bygdene Gjesdal, Oltedal og Dirdal/Gilja. Kyrkjelydane har eit rikt og mangfaldig kyrkjelydsliv. Det er forordna gudstenester 3 stadar i Gjesdal sokn: i Gjesdal kyrkje, Oltedal kyrkje og Dirdal kyrkje. Det er eitt felles sokneråd. Kyrkjelydane ønskjer å vere misjonale både lokalt og globalt.

Gjesdal kyrkjelege fellesråd dekkjer Gjesdal og Ålgård sokn og soknepresten i Gjesdal inngår i dette felles samarbeidsområdet. Soknepresten har stabsfellesskap på kyrkjekontoret på Ålgård. Meir info: www.gjesdal.kirken.no

Gjesdal kommune har ei ung befolkning. Forutan gardsdrift, industri og servicenæring, reiser mange til arbeidsplassane sine i Sandnes, Forus og Stavanger. Desse områda vert nådd innan ca. ein halv time. Kommunen har mykje flott natur å by på, med hei og fjell, til turgåing, jakt, fiske og ski om vinteren. Kommunen har gode tilbod innan  idrett, speiding, kulturskule etc. Meir info: www.gjesdal.kommune.no

Soknepresten inngår òg i prestefellesskapet i Jæren prosti. Jæren prosti består av kommunane Gjesdal, Klepp, Time og Hå. Prosten leiar arbeidet i prostiet og samlar prestane til jamlege pastoralsamlingar. Det er 12 sokn i prostiet, pluss at fengselsprestane i sør-Rogaland er med i fellesskapet.

Informasjon om kyrkjelyden finn du her: https://www.gjesdal.kirken.no/     

 

Arbeidsoppgaver
  • Gudstenester og kyrkjelege handlingar etter oppsett plan og i samsvar med tenesteordninga for prestar i Den norske kyrkja
  • Utvikle og realisera kyrkjelyden sine visjonar og mål i samarbeid med sokneråd og stab
  • Ansvar for konfirmantane og samarbeid mellom skule og kyrkje i Gjesdal sokn     
  • Rekruttering og oppfølging av frivillige gudstenestemedarbeidarar 
  • Samarbeid om felles oppgåver i fellesrådsområdet
  • Oppgåver i prostiet under leiing av prosten
  • Bakvakt og beredskap etter gjeldande ordning for Stavanger bispedømme
Kvalifikasjoner
Cand.theol. med praktikum eller tilsvarande / Master i teologi og praktikum.
Personlige egenskaper

Vi ønskjer oss ein sokneprest som: 

  • Er glad i å arbeide med gudstenester og kyrkjelege handlingar
  • Er god på å byggja team og bidra til et godt samarbeid mellom stab og frivillige
  • Inspirerer gjennom aktuell og Kristussentrert forkynning
  • Evner å kommunisera med barn, unge, vaksne og eldre i ulike livssituasjonar
  • Kan finna seg til rette blant folk og i kulturen i bygdene i Gjesdal
  • Har gode samarbeidsevner i høve til stab, sokneråd, frivillige og leiinga på bedehusa i soknet
Vi tilbyr
  • Stillinga vert lønna etter gjeldande reglar i KAs lønnsregulativ.
  • Vanlege godtgjersler etter gjeldande regulativ. Skyss- og telefongodtgjersle etter gjeldande satsar. Pensjonsinnskot.

 Andre opplysningar

  • Prestetenesta vert utført innanfor rammene av hovudavtale og tariffavtale i rettssubjektet Den norske kyrkja. Tilsettinga skjer på dei vilkår som til ei kvar tid gjeld for prestar i Den norske kyrkja. Den som vert tilsett må retta seg etter endringar i lover, tariffavtalar, reglement m.m., samt avgjersler som kan påverka tenesta sine gjeremål og tenestedistrikt.
  • Ved tilsetting vil det bli lagt vekt på dei særlege krava som blir stilt i utlysingsteksten. Søkjarane vert difor bedne om å utforma ein eigenpresentasjon i sin søknad, som svarar på dei utfordringane som kjem fram i utlysingsteksten.
  • Den som vert tilsett deltek i bispedømmet si beredskapsordning. 
  • Målforma er nynorsk.
  • Kontor saman med staben i Ålgård sokn. 
  • Den som vert tilsett bør ha førarkort og disponera bil.
  • Opplysningar om samlivsform vil kunna bli henta inn og vektlagt ved tilsetting jf. § 30 i likestillings- og diskrimineringslova.
  • Det vil bli utarbeida offentleg søkjarliste. Opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort, sjølv om ein ber om ikkje å bli ført på denne lista (jf. Offentlegslova § 25, 2. ledd).
  • Kvinner og yngre prestar vert oppmoda til å søka.
  • Den som vert tilsett må leggja fram politiattest (barneomsorgsattest) utan merknader.
  • Alle søkjarar må søkja elektronisk.

 

Kontaktinformasjon

Lars Sigurd Tjelle, prost i Jæren prosti, 47451340

Gunnar Rønnestad, assisterende stiftsdirektør, 51846270

 

Arbeidsgiver Stavanger bispedømmeråd
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Ålgård
Publisert 2021-07-20
Søknadsfrist 2021-08-22
Stillingstype Vikariat, Heltid, 100%
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Stavanger bispedømmeråd

Stavanger
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger