Sokneprest i Indre Romsdal prosti med Grytten og Voll sokn som særskild tenestestad

Møre bispedømmeråd

Det er ledig stilling som sokneprest i Indre Romsdal prosti med Grytten og Voll sokne som særskild tenestestad.

Soknepresten har sete i Voll sokneråd og Grytten menighetsråd. Presten gjer også teneste i eit samarbeidsområde som geografisk fell samen med Rauma kommune. Heile Indre Romsdal prosti er tenestedistrikt.  Prosten har sete i Kors og Øverdalen sokn, medan den tredje presten har sete i Hen, Eid og Holm sokn.  Alle prestane gjer teneste i heile samarbeidsområdet og ein må rekne med tenester i prostiet for øvrig.

Det er kyrkjeverje i 100% stilling, 2 organistar i til saman 130% stilling, kontorsekretær i 40% stilling, diakon i 70 % stilling, trusopplæringsmedarbeidarar i 100 % stilling, prostesekretær i 20% stilling, samt klokkarar og kyrkjetenarar i mindre deltidsstillingar. Prestane og dei fellesrådstilsette har kontor- og stabsfellesskap ved kyrkjekontoret på Åndalsnes.

Voll sokn, med om lag 1000 medlemmer, har kyrkje i Måndalen. Innfjorden bedehuskapell ligg og i soknet. Bedehuskapellet er eigd av Innfjorden bedehusforening. Det er ca. 25 gudstenester i året i Voll sokn.

Grytten sokn har om lag 2300 medlemmer og kyrkja står på Veblungsnes. Det er om lag 30 gudstenester i Grytten kyrkje.

Det er god oppslutnad om dåp og konfirmasjon både i Voll og Grytten. Kyrkjelydane i Rauma har eit felles diakoniutval. Trusopplæring er organisert i begge sokna. Trusopplæringsmedarbeidaren er med i alle kyrkjelydane. Anna kyrkjebyggjande arbeid blir også gjort av uløna medarbeidarar. I kommunen har vi eit gospelkor for vaksne.

Organistane har eit nært samarbeid med andre song- og musikkutøvarar i gudstenester og til song- og musikkarrangement. I samarbeidsområda er det mange bedehus, der det fleire stader er god aktivitet. Samarbeidet mellom kyrkja, skulane og dei frivillige organisasjonane er positivt og godt.

I Åndalsnes ligg endestasjonen for Raumabanen med bussforbindelse til Molde og Ålesund. Næringsgrunnlaget er dominert av jord-/skogbruk, industri og reiseliv. Åndalsnes er kommunesenteret med kommuneadministrasjon, legesenter og butikkar og nytt helsehus. Kommunen har god barnehagedekning og har 4 kommunale barneskuler, 3 ungdomsskular, ein vidaregåande skule og ein privat barneskule. Det er også kommunal musikk- og kulturskule. I Rauma kommune er det aktive idrettslag og andre ulike lag og foreiningar.

Du er velkommen til å sende din søknad med CV, vitnemål og referansar til vårt elektroniske system, Webcruiter. Dersom du ikkje ønsker namnet ditt på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast i søknaden. Grunnane vil bli vurdert individuelt. Dersom bispedømeadministrasjonen ikkje finn dei tilstrekkelege, vert søkjaren kontakta før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Arbeidsoppgåver
  • Soknepresten skal i tråd med "Tenesteordning for kyrkjelydsprestar" forvalte Ord og sakrament slik at kristen tru og liv vert fremja i kyrkjelydane.
  • Soknepresten held gudstenester og forrettar kyrkjelege handlingar, deltar i dåps- og konfirmantopplæringa, utøver sjelesorg og vegleiing, samt anna forkynnararbeid.
  • I samarbeidsområdet deler dei 3 prestane gudstenester og kyrkjelege handlingar mellom seg etter oppsett arbeidsplan og har ein godt innarbeidd tenesteveketurnus.
  • Det vil så langt muleg bli teke omsyn til kompetanse, erfaring, interesser og nådegåver i fordeling av oppgåvene mellom prestane. 
  • Soknepresten er med i beredskapsordning for prestane 
Kvalifikasjonar
  • Dei formelle kvalifikasjonskrava for tilsetting av sokneprest er å finne i "Forskrift om tilsetting av menighetsprest".
  • Vi søkjer etter ein prest med lyst og evne til å utøve pastoralt leiarskap, som kan vise til gode leiareigenskapar og god e evner til samarbeid med kolleger og tverrfagleg.
  • Du må kunne arbeide med struktur og planlegging og like å samarbeide med stab, frivillige, sokneråd og fellesråd om planar og visjonar.
  • Søkjar må kunne samarbeide også liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologisk usemje.
  • Søkjarar som ikkje er ordinerte, vert bedne om å gjere greie for tilhøvet til programmet "Veien til vigsling" (VTV). Ordinasjon føreset normalt fullført VTV.
  • Ordinert søkjar som er stabsborgar i anne EØS-land vert gjort merksam på krav om attest som viser autorisasjon til presteteneste i Den norske kyrkja, gjeve av Kyrkjerådet, krav om medlemsskap i Den norske kyrkja og krav om å beherske norsk språk, jfr Forskrift om tilsetting av menighetsprest §6
  • Søkjer må opplyse om han/ho beherskar begge målformer.  Nynorsk vert nytta i kyrkje og skule i Voll, Eid og Holm. Bokmål vert nytta i Grytten, Hen, Kors, og Øverdalen.
Personlege eigenskapar
  • Personlege og faglege eigenskapar vil bli vektlagde.
  • Kontaktskapande med evne til å bygge nettverk.
  • Sjølvstendig og strukturert.
  • Evne til å formidle evangeliet til ulike aldersgrupper.
  • Vere med å skape eit godt samarbeid med tilsette og med frivillige medarbeidarar
Vi tilbyr
  • Løn etter hovudtariffavtalen for Den norske kyrkje, lønsgruppe 1555 sokneprest.  Innskot i Statens pensjonskasse
  • Godtgjersler og tilskot etter dei vilkår som til kvar tid er fastsette. Den som vert tilsett, må rette seg etter endringar i lover, tariffavtalar, særavtalar, reglement mv. og andre avgjerder som kan ha verknad på gjeremåla i tenesta
  • Gode vilkår for kompetanseutvikling, arbeidsvegleiing (ABV) og andre former for vegleiing
  • Eit godt samarbeid mellom staben i samarbeidsområdet, og mellom dei tilsette i prostiet.  Prestane møtest regelmessig til kollega- og fagsamlingar 

Anna

  • For å bli tilsett må ein ha førerkort klasse B og kunne disponere eigen bil i arbeidet
  • Den som får tilbod om stillinga må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Lov om tros- og Livssynssamfunn § 20
  • Det er innført prøvetid på 6 månader for alle faste tilsette
  • Møre bispedøme arbeider for å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og ynskjer å legge til rette for menneske med redusert funksjonsevne

 

Rauma kommune ligg i Møre og Romsdal og har noko av Noregs villaste fjellområder med mellom anna Trollveggen, Romsdalshorn og Venjetindane. Kommunen har 7400 innbyggjarar og kommunesenteret på Åndalsnes er også kjent som Noregs tindehovedstad. Det er eit fantastisk område for mennesker som er glad i friluftsliv, og med visjonen om å bli "Verdens beste kommune for naturglade mennesker", ønsker kommunen å stimulere til aktivt bruk av den spektakulære naturen.

 

Kontaktinformasjon:

Tor Martin Koppang
Fungerande prost
 47481272
 tk258@kirken.no
 
Lars Skagestad
Rådgjevar personal.
 90986353
 ls273@kirken.no
Arbeidsgiver Møre bispedømme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Vollan 6, 6300 Åndalsnes
Publisert 2022-11-22
Søknadsfrist 2022-12-19
Stillingstype Fast, 100%
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Møre bispedømme
Moldetrappa 1
6415 Molde

Arbeidsliv

Vil du bli ein av oss? Ei framtid i Surnadal på Indre Nordmøre.

Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger