Domprost i Molde domprosti

Møre bispedømme

Vi søkjer ein domprost som vil vere leier, har erfaring som leiar, og har klare tanker og visjoner for sitt leiarskap.  Stillinga som domprost krev høg teologisk og kyrkjefagleg kompetanse, og gode evner til å leie og organisere prestetenesta. Det er forventa gode evner til samarbeid med ulike aktører og nivå i kyrkja, og med offentlege myndigheiter. Gode ferdigheter i kommunikasjon og mediehåndtering er naudsynt. Domprosten skal motivere medarbeidarar og kyrkjelydar til å arbeide i samsvar med kyrkja sine mål og strategiar, og har eit særleg ansvar for å følgje opp nasjonale og regionale tiltak. Viktige eigenskapar er evne til strategisk og heilskapeleg tenkning og å kunne omsetje dette i praksis. Prostane i Møre har månadlege prostemøter, og har tilgang på vegleiing og leiarutvikling.

Domprosten er biskopen sin faste vikar, leier prestetenesta i domprostiet og hjelper tilsette og kyrkjelege organ med faglig vegleiing, råd og støtte. Domprosten er forplikta på dei mål og strategiar som gjeld for bispedømet, og utfører dei oppgåvene som ligg til stillinga ut frå tenesteordningane. Domprosten gjer teneste som kyrkjelydsprest slik biskopen fastset, og har kontorfellesskap med kyrkjeverje og stab i Molde domkirke samt administrativ hjelp.  Domprosten har sete i Molde kyrkjelege fellesråd.

Møre bispedøme har 6 prosti, 25 fellesråd og 95 sokn. Nynorsk er tenestemål i Møre bispedøme og i Molde domprosti. Bokmål er liturgimål i Molde domkirke og i dei fleste kyrkjelydane, men nesten alle dei andre kyrkjene i prostiet har nynorsk.

Velkommen til å sende din søknad med CV, vitnemål og referansar til vårt elektroniske system, Webcruiter. Dersom du ikkje ønsker namnet ditt på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast i søknaden. Grunnane vil bli vurdert individuelt. Søkjaren vil verta kontakta før søkjarlista vert offentleggjort, dersom adminstrasjonen ikkje finn grunnane tilstrekkelege.

 

Arbeidsoppgaver

  • Leier prestetenesta i prostiet, og styrke det tverrfaglege samarbeidet i stabane.
  • I samarbeid med dei kyrkjelege råda fremja eit godt arbeidsmiljø i prostiet, og gode haldningar til samarbeid og ytringskultur.
  • God personalhandsaming og tydeleg leiing og administrasjon er sentralt i stillinga.
  • Er biskopen sin faste vikar og er fungerande biskop i hans/hennar fråvær.
  • Utfører oppgåvene som ligg til stillinga etter «Tjenesteordning for proster» og på delegasjon frå biskopen.
  • Bistå og delta i prostemøter, og kalle inn prestane i prostiet til regelmessige samlingar.
  • Delta i Molde kyrkjelege fellesråd
  • Kyrkjefagleg og tverrfagleg vegleiing for alle medarbeidarar.

Kvalifikasjoner

  • Cand. theol./profesjonsstudium teologi
  • Praktikum
  • Medlemskap i Den norske kyrkja
  • Dokumentert leiarkompetanse

Personlige egenskaper

  • Vi søker ein fleksibel, tydeleg og open leiar med gode kontaktskapande evner og som er glad i mennesker.
  • Du må kunne sjå, lytte og oppmuntre medarbeidare og bidra til gode samarbeidsforhold, trivsel og engasjement.
  • Vi ser etter dokumenterte leiareigenskapar, samarbeidsevner og gode kommunikasjonsevner.
  • Du må ha evne til å arbeide strategisk og strukturert.
  • God arbeidskapasitet i arbeidet både sjølvstendig, men også i team.
  • Evne til heilskapeleg refleksjon om den kyrkjelege verksemda.

Vi tilbyr

  • Stillinga blir lønna i stillingskode 0935 domprost etter KA sitt lønsregulativ
  • Innskot i Statens pensjonskasse.
  • Godtgjersler og tilskot etter dei vilkår som til kvar tid er fastsette.
  • Dnk står framfor endringar i organisering. Den som vert tilsett må vere budd på endringar i høve til oppgåver, rolle eller funksjon.
  • Den som vert tilsett, må rette seg etter endringar i lover, tariffavtalar, særavtalar, reglement mv. og andre avgjerder som kan ha verknad på gjeremåla i tenesta
  • Gode vilkår for kompetanseutvikling, arbeidsvegleiing (ABV) og andre former for leiarutvikling.

Anna

  • For å bli tilsett må ein ha førerkort klasse B og kunne disponere eigen bil i arbeidet
  • Den som får tilbod om stillinga må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Lov om tros- og Livssynssamfunn § 20
  • Søkeren må opplyse om han/ho behersker begge målformer.

 

Molde domprosti består av kommunane Molde, Hustadvika og Aukra.   Eide og Fræna kommuner vart slått saman til Hustadvika kommune 01.01.2020.  Den nye kommunen har ca 13.500 innbyggjarar.  Elnesvågen er kommunesenter.

Det er i dag om lag 47.000 innbyggjarar i prostiet.  Næringslivet i kommunane er prega av maritim verksemd, olje/gass og fiskeri. I Molde er det tilbod om høgare utdanning, og fylkesadministrasjonen for Møre og Romsdal ligg i Molde. 

I prostiet finn ein både fjell, fjord og kystlandskap og distriktet er særs attraktivt for turar og ulike aktivitetar.    

Prostiet har 13 prestestillingar, medrekna prost og fengselsprest ved Hustad fengsel. Helseforetaket har sjukehusprest ved Molde sjukehus, og det er ein deltidsstilling som studentprest ved Høgskulen i Molde og Kristiansund. Det er godt fagleg samarbeid prestane imellom og i møte med sokneråd og fellesråd.

 

Kontaktinformasjon:

Anne-Marit Hagelund
Avdelingsleiar personal
 
Bjørn Olaf Storhaug
Stiftsdirektør
 
Ingeborg Midttømme
Arbeidsgiver Møre bispedømme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Gotfred Lies plass 4, 6413 Molde
Publisert 2023-03-24
Søknadsfrist 2023-05-05
Stillingstype Fast, 100%
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Møre bispedømme
Moldetrappa 1
6415 Molde

Arbeidsliv

Vil du bli ein av oss? Ei framtid i Surnadal på Indre Nordmøre.

Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger