Sokneprest i Nordre Sunnmøre prosti med Giske og Vigra sokn som særleg tenestestad

Møre bispedømmeråd

Det er ledig stilling som sokneprest i Nordre Sunnmøre prosti med Giske og Vigra sokn som særleg tenestestad.

Den norske kyrkja i Giske og Vigra sokn har totalt 3270 medlemer. Giske sokn og Vigra sokn (tilsaman 3375 innbyggjarar) er også ein del av Giske kommune. Prostiet er tenestedistrikt.

Giske kyrkjelege fellesråd har tilsatt kyrkjeverje, kyrkjelydsspedagog, diakoniarbeidar (ungdom), sekretær/kyrkjetenear,reinhaldar, kantor og organist. Det er to prestar i Giske kommune. Ein av prestane er oppnemnd som medlem av Giske kyrkjelege fellesråd. Det er eit nært og utstrakt samarbeid mellom prestane i området, med felles kyrkjekontor på Giske rådhus på Valderøya.

Gudstenestene blir haldne i dei tre soknekyrkjene Vigra, Valderøy og Giske kyrkje, i tillegg til Godøy bedehuskapell. Forordna gudstenester på søn- og helgedagar er på  88 per år. I tillegg kjem ca 30 vigslar, ca 50 gravferder og ca 90 dåp i året. Gudstenestedeltakinga er god. I alle sokna blir det nytta nynorsk. På dei 3 eldreinstitusjonane i kommunen er det regelmessig andakter og gudstenester. I snitt er det ca 100 konfirmantar i året i kommuna. Dette utgjer over 90 % av 9. klassingane. Prestane har ansvaret for konfirmantarbeidet saman med diakoniarbeidar, ungdom.

Samarbeidet med skulane er godt. Giske kommune har eit blomstrande musikkliv og kyrkja haustar mykje av dette til bruk i gudstenester og konsertar.
Øyane har store og aktive bedehusforsamlingar md eit rikt barne- og ungdomsarbeid. Ein del fellestiltak i sokna vert knytta mot arbeidskyrkja på Valderøya.  

Giske kommune har ca 8700 innbyggjarar. Kommunen har eit særprega kystmiljø med storslått natur og idylliske fiskevær. Her er det blomstrande kulturaktivitet og ein fantastisk kystnatur midt i eitt av Noregs mest populære turistområde.

Giske kommune er ein fiskeri- og transportkommune som er tufta på fiske, fangst og handel grunna nærleiken til havet og dei gode fiskeria utanfor Mørekysten. 250 verksemder og firma av ymse slag dekkjer dei fleste næringsgreiner. 1/3 av befolkninga er sysselsett i firskeindustrien.

Marmorkyrkja på Giske vart bygd på 1100-talet av den mektige ”Arnungeætta” og fungerer i dag som soknekyrkje for øya. Øylivet byr på eit trygt og godt oppvekstmiljø og kommunen har full barnehagedekning med to kommunale barnehagar og fem private. Det er barneskular på alle dei fire øyane. Det er ein felles ungdomsskole for kommunen som er lagt til Valderøya.. Kommunen har kulturskule. Det er kort veg til dei vidaregåande skulane i Ålesund som har eit godt og variert tilbod om utdanning. Her finn vi og NTNU.
Giske kommune er ein del av "storbyen Sunnmøre". Kommunen er knytt til fastlandet med undersjøiske tunnelar som no er bomfrie. Jugendbyen Ålesund ligg 10 minutt unna med urbant kultur- og byliv. Ålesund lufthamn ligg på Vigra, med godt flysamband til resten av Noreg og utlandet.

Du er velkommen til å sende din søknad med CV, vitnemål og referansar til vårt elektroniske system, Webcruiter. Dersom du ikkje ønsker namnet ditt på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast i søknaden. Grunnane vil bli vurdert individuelt. Dersom bispedømeadministrasjonen ikkje finn dei tilstrekkelege, vert søkjaren kontakta før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Arbeidsoppgåver

  • Soknepresten skal i tråd med "Tjenesteordning for menighetsprester" forvalte Ord og sakrament slik at kristen tru og liv blir fremja i kyrkjelydane.
  • Soknepresten held gudstenester og forrettar kyrkjelege handlingar, deltar i dåps- og konfirmantopplæringa, utøver sjelesorg og vegleiing, samt anna forkynnararbeid.
  • Prestane deler på gudstenester og kyrkjelege handlingar etter oppsett arbeidsplan, og har ein godt innarbeidd tenesteveketurnus.
  • Det vil så langt muleg bli teke omsyn til kompetanse, erfaring, interesser og nådegåver i fordeling av oppgåvene mellom prestane.
  • Soknepresten er med i beredskapsordning for prestane.

Kvalifikasjonar

  • Dei formelle kvalifikasjonskrava for tilsetting av sokneprest er å finne i "Forskrift om tilsetting av menighetsprest".
  • Vi søkjer etter ein prest med lyst og evne til å utøve pastoralt leiarskap, som kan vise til gode leiareigenskapar og gode evner til samarbeid med kolleger og tverrfagleg. 
  • Du må kunne arbeide med struktur og planlegging og like å samarbeide med stab, frivillige, sokneråd og fellesråd om planar og visjonar.
  • Søkjar må kunne samarbeide også liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologisk usemje.
  • Søkjarar som ikkje er ordinerte, vert bedne om å gjere greie for tilhøvet til programmet "Veien til vigsling" (VTV). Ordinasjon føreset normalt fullført VTV.
  • Ordinert søkjar som er stabsborgar i anne EØS-land vert gjort merksam på krav om attest som viser autorisasjon til presteteneste i Den norske kyrkja, gjeve av Kyrkjerådet, krav om medlemsskap i Den norske kyrkja og krav om å beherske norsk språk, jfr Forskrift om tilsetting av menighetsprest §6
  • Søkjer må opplyse om han/ho beherskar begge målformer.  Nynorsk vert nytta i kyrkje og skule.
  • Dersom ingen kvalifiserte søkere melder seg vil stillinga bli omgjort til ei PUU stilling, med de kvalifikasjonskrav og arbeidsoppgaver som hører PUU stillinga til.

Personlege eigenskapar

  • Personlege og faglege eigenskapar vil bli vektlagde.
  • Kontaktskapande med evne til å bygge nettverk.
  • Sjølvstendig og strukturert.
  • Evne til å formidle evangeliet til ulike aldersgrupper. Vere med å skape eit godt samarbeid med tilsette og med frivillige medarbeidarar.

Vi tilbyr

  • Løn etter hovudtariffavtalen for Den norske kyrkje, lønsgruppe 1555 sokneprest.  Innskot i Statens pensjonskasse.
  • Godtgjersler og tilskot etter dei vilkår som til kvar tid er fastsette. Den som vert tilsett, må rette seg etter endringar i lover, tariffavtalar, særavtalar, reglement mv. og andre avgjerder som kan ha verknad på gjeremåla i tenesta.
  • Gode vilkår for kompetanseutvikling, arbeidsvegleiing (ABV) og andre former for vegleiing.
  • Eit godt samarbeid mellom staben i samarbeidsområdet, og mellom dei tilsette i prostiet.  Prestane møtest regelmessig til kollega- og fagsamlingar.

Anna

  • For å bli tilsett må ein ha førerkort klasse B og kunne disponere eigen bil i arbeidet.
  • Den som får tilbod om stillinga må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Lov om tros- og Livssynssamfunn § 20.
  • Det er innført prøvetid på 6 månader for alle faste tilsette.
  • Møre bispedøme arbeider for å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og ynskjer å legge til rette for menneske med redusert funksjonsevne.

 

Nordre Sunnmøre prosti omfattar kommunane Ålesund, Giske, Sula, Sykkulven, Stranda og Fjord med til saman 24 sokn, 97000 innbyggjarar og 25 årsverk i prestetenesta.  Folketalet i soknet og i prostiet er veksande.  

Ålesund lufthamn, Vigra, ligg berre ein halv time unna og har flysamband til resten av Norge og til utlandet. Sjå www.alesund.kommune.no for fleire opplysningar.

Ålesund er den største byen mellom Bergen og Trondheim. Folketalet i kommunen er om lag 65000. Byen er eit dynamisk regionsentrum for Sunnmøre. Næringslivet er forankra i maritime næringar, handel, offentlege arbeidsplassar og industri. Byen har tilbod om høgare utdanning gjennom høgskular og NTNU.  Ålesund er ein særprega by som stadig tar imot eit aukande tal med turistar.  Distriktet er óg særs attraktivt for turar og aktivitetar på sjø, i skog og på fjellet, sommar som vinter.

 

Kontaktinformasjon:

Svein Runde
Prost
 
Anne-Marit Hagelund
Avdelingsleiar personal
 E-post:ah242@kirken.no
Arbeidsgiver Møre bispedømme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Valderhaug 4, 6050 Valderøya
Publisert 2023-03-28
Søknadsfrist 2023-05-05
Stillingstype Fast, 100%
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Møre bispedømme
Moldetrappa 1
6415 Molde

Arbeidsliv

Vil du bli ein av oss? Ei framtid i Surnadal på Indre Nordmøre.

Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger