Om Ønsket og Elsket
Ønsket og Elsket arrangerer felles tiltak for konfirmantane i prostiet og vi driv eit leiarprogram for ungdomsleiarar frå etter konfirmasjonsalder og oppover. I slutten av oktober vert Konf. kick-off arrangert for alle 9. klassingar i prostiet på Dyrskuplassen i Seljord. På våren er det konfirmanttreff, med aktivitetar og informasjon om Kirkens Nødhjelp og Fasteaksjonen. I sommarferien kjem det som for mange er høgdepunktet i konfirmasjonstida: Konfirmasjonsleirar på Gjennestad vgs. i Stokke, der konfirmantane er ei veke på leir. For frivillige ungdomsleiarar har Ønsket og Elsket eit systematisk leiaroppfølgingsprogram i inntil fire år etter konfirmasjonstida. Ungdomsleiarane er med som leiarar på alle arrangementa for konfirmantane. I tillegg er det eigne samlingar, turar og leirar for leiarane gjennom året. Alle som vil vera leiarar på konfirmasjonsleirane om somrane må følgje leiarprogrammet.
Ønsket og Elsket ønskjer å gje ungdom gode opplevingar saman med andre, og å formidle at alle er ønska og elska av Gud og i fellesskapet vårt. Dette vert gjort ved å skapa arenaer der ungdom kan vere saman og ha det gøy, og med stort rom for å dela tankar om Gud og tru. Målet er å byggja store og robuste fellesskap, med Jesus som eit tydeleg sentrum, der ungdommane både kan få oppleva å vera ein del av noko større, samtidig som det er eit trygt og godt miljø der alle blir sett og er velkomne.
Ønsket og Elsket har tre tilsette: Dagleg leiar i 50% stilling, ungdomsarbeidar i 25% og ungdomsarbeidar i 20%, som har hovudansvar for arbeidet saman med tilsette i kyrkjelydane. I tillegg får nokre av ungdomsleiarane søkje på ansvarsoppgåver ved arrangement som gjev eit lite honorar.
Dagleg leiar gjennom mange år går no over i anna teneste, og Ønsket og Elsket er difor på jakt etter ny dagleg leiar som kan drifte og vidareutvikle arbeidet vidare. Ønsket og Elsket har flotte kontorfasilitetar i Seljord saman med kyrkjelyden her og prosten. Dagleg leiar har prosten i Øvre Telemark som næraste overordna.
For øvrig
Den som søkjer må kunne stadfesta at han/ho kan nytta båe målformer.
Kvinner vert oppmoda til å søkja.
Ved tilsetting blir det teke atterhald om at den som vert tilsett kan leggja fram ein tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest).
Vi gjer oppmerksom på at opplysningar om din søknad kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om unntak frå offentleg søkjarliste (jfr. offentleglova 25, 2.ledd). Du vil i såfall bli varsla om dette.
Øvre Telemark prosti rommar 11 kommunar og har 21 kyrkjelydar.
Alle kyrkjelydane samarbeider om eit felles konfirmant- og leiartreningsprogram kalla Ønsket og Elsket.
Kontaktinformasjon: