Sunndal - Vill og vakker! Dette er kommunen sitt slagord. Og slagordet er godt!
Vi er ein kommune med omlag 7000 særleg ville og vakre innbyggarar! Naturen i området er vill og vakker den òg. Sunndalsfjella som vi omgir oss med, leier tankane mot landskap slik vi møter det i «Ringenes Herre». Vi har dei stupbratte tindane og dei noko mildare fjella, som er lettare tilgjengeleg for ski-gåarar. Sunndalsfjella i sør er del av Dovrefjell massivet, mens Sunndalsfjella i nord er del av Trollheimen.
No er stillinga som sokneprest i Sunndal ledig. Dette er den eine av to prestestillingar i kommunen. Soknepresten i Sunndal har ansvaret for Sunndalsøra sentrum og Sunndal oppover mot Oppdal.
Det er 5 kyrkjer i Sunndal; Ålvundeid, Øksendal, Gjøra kapell, Romfo og Hov kyrkje. Hov er kyrkja i sentrum. Her er det bokmål som er målforma, medan nynorsk vert nytta i grendene. Staben i Sunndal har kontor og møtelokale i sentrum av Sunndalsøra, rett ved Hov kyrkje. Det er gode og egna lokale frå 90-talet.
Kyrkja står sterkt i lokalsamfunnet. Medlemstala har vore stabilt høge, og kyrkjelege handlingar som dåp og konfirmasjon har høg oppslutning.
Det er òg etablert fellesarrangement for konfirmantane i heile prostiet, og det er ønsker om å utvikle dette vidare.
Du er velkommen til å sende din søknad med CV, vitnemål og referansar til vårt elektroniske system, Webcruiter. Dersom du ikkje ønskjer namnet ditt på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast i søknaden. Grunnane vil bli vurdert individuelt. Dersom bispedømeadministrasjonen ikkje finn dei tilstrekkelege, vert søkjaren kontakta før søkjarlista vert offentleggjort.
Arbeidsoppgåver
- Soknepresten skal i tråd med "Tjenesteordning for menighetsprester" forvalte Ord og sakrament slik at kristen tru og liv blir fremja i kyrkjelydane.
- Soknepresten held gudstenester og forrettar kyrkjelege handlingar, deltar i dåps- og konfirmantopplæringa, utøver sjelesorg og vegleiing, samt anna forkynnararbeid.
- I samarbeidsområdet deler dei tre prestane på gudstenester og kyrkjelege handlingar mellom seg etter oppsett arbeidsplan, og har ein godt innarbeidd tenesteveketurnus.
- Det vil så langt muleg bli teke omsyn til kompetanse, erfaring, interesser og nådegåver i fordeling av oppgåvene mellom prestane.
- Soknepresten er med i beredskapsordning for prestane
Kvalifikasjonar
- Dei formelle kvalifikasjonskrava for tilsetting av sokneprest er å finne i "Forskrift om tilsetting av menighetsprest".
- Vi søkjer etter ein prest med lyst og evne til å utøve pastoralt leiarskap, som kan vise til gode leiareigenskapar og gode evner til samarbeid med kolleger og tverrfagleg.
- Du må kunne arbeide med struktur og planlegging og like å samarbeide med stab, frivillige, sokneråd og fellesråd om planar og visjonar.
- Søkjar må kunne samarbeide også liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologisk usemje.
- Søkjarar som ikkje er ordinerte, vert bedne om å gjere greie for tilhøvet til programmet "Veien til vigsling" (VTV). Ordinasjon føreset normalt fullført VTV.
- Ordinert søkjar som er stabsborgar i anne EØS-land vert gjort merksam på krav om attest som viser autorisasjon til presteteneste i Den norske kyrkja, gjeve av Kyrkjerådet, krav om medlemsskap i Den norske kyrkja og krav om å beherske norsk språk, jfr Forskrift om tilsetting av menighetsprest §6
- Søkjer må opplyse om han/ho beherskar begge målformer. Nynorsk vert nytta i kyrkje og skule.
Personlege eigenskapar
- Personlege og faglege eigenskapar vil bli vektlagde.
- Kontaktskapande med evne til å bygge nettverk.
- Sjølvstendig og strukturert.
- Evne til å formidle evangeliet til ulike aldersgrupper.
- Vere med å skape eit godt samarbeid med tilsette og med frivillige medarbeidarar.
Vi tilbyr
- Løn etter hovudtariffavtalen for Den norske kyrkje, lønsgruppe 1555 sokneprest. Innskot i Statens pensjonskasse
- Godtgjersler og tilskot etter dei vilkår som til kvar tid er fastsette. Den som vert tilsett, må rette seg etter endringar i lover, tariffavtalar, særavtalar, reglement mv. og andre avgjerder som kan ha verknad på gjeremåla i tenesta
- Gode vilkår for kompetanseutvikling, arbeidsvegleiing (ABV) og andre former for vegleiing
- Eit godt samarbeid mellom staben i samarbeidsområdet, og mellom dei tilsette i prostiet. Prestane møtest regelmessig til kollega- og fagsamlingar
Anna
- For å bli tilsett må ein ha førerkort klasse B og kunne disponere eigen bil i arbeidet
- Den som får tilbod om stillinga må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Lov om tros- og Livssynssamfunn § 20
- Det er innført prøvetid på 6 månader for alle faste tilsette
- Møre bispedøme arbeider for å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og ynskjer å legge til rette for menneske med redusert funksjonsevne
Indre Nordmøre prosti omfattar kommunane Gjemnes, Surnadal, Sunndal og Tingvoll, og har til saman 13 sokn og omlag 15 000 medlemmar i Den norske kyrkja. Det er tre samarbeidsområde i prostiet med til saman 6,45 prestestillingar.
Sunndal kommune ligg på Nordmøre mellom Dovrefjell i sør og Trollheimen i nord og strekker seg frå Sunndalsfjorden opp mot Oppdal. Landskapet er spektakulært, eller; "Vilt og vakkert" som kommunen seier det i sitt slagord.
Handels- og servicetilbodet er godt utbygd, det er god barnehagedekning, 3 barneskuler, ungdomsskule og vidaregåande skule i kommunen.
Sunndal har ein stolt industriarbeidarkultur. Norsk Hydros aluminiumsverk på Sunndalsøra er størst i Europa. Andre bedrifter innan industri og teknologi har òg verksemder her. Her finnast òg eit betydeleg forskingsmiljø innan aqua-kultur ved NOFIMA. Sunndal har òg ein særs velfungerande innvandringsteneste og eit asylmottak i kommunen, som gjer ei viktig teneste og er viktige arbeidsplassar i kommunen
Sunndal har ein sterk kulturskole som gjennom mange år har bidratt til eit rikt kulturliv. Mellom anna gjennom Jazzå-teateret, og deira mangeårige oppsetjing av spelet; Lady Arbuthnot. Sunndal har og eit godt idrettsmiljø, der kvinnefotballen står særs sterkt. Nokre av verda sine beste fotballspelarar kjem herifrå. Vi har òg eit godt friidrettsmiljø og symjemiljø.
Kontaktinformasjon: