Sokneprest i Øvre Telemark prosti med Kviteseid sokn som tenestestad

Den norske kyrkja, Agder og Telemark bispedømme

ER DU DEN NYE SOKNEPRESTEN I KVITESEID SOKN?
Kyrkjelyden ynskjer ein prest som har driv og pågangsmot til å utvikle og bidra til vekst i kyrkjelyden, med ei klar forkynning av Guds ord

OM KYRKJELYDEN
I 2022 var det 14 dåp, 9 vigsler, 33 gravferder og 18 konfirmantar i soknet.
I staben er det sokneprest, kyrkjeverje, organist, trusopplærar/sekretær, tre kyrkjetenarar og prostidiakon (delt med fleire sokn).
Soknerådet har utval for gudsteneste, trusopplæring, diakoni, og kultur.

KYRKJELYDEN SIN VISJON OG SATSINGSOMRÅDE
Kviteseid sokn ynskjer å vera ein open, levande og tydeleg kyrkjelyd i nærmiljøet, med plass for alle, der trua kan styrkjast og utfordrast, og håp kan skapast.
Kyrkjelyden har fokus på eit rikt gudstenesteliv, omfattande diakonalt arbeid og trusopplæring.
Det er gode relasjonar mellom dei ulike kyrkjesamfunna og organisasjonslivet i bygda.

TILTAK
Her er trusopplæringstiltak for barn og unge, noko er i samarbeid med andre.
Delar av konfirmantarbeidet skjer gjennom ‘Ønsket og Elsket’ -eit felles konfirmant- og leiararbeid i prostiet. Diakoniutvalet står for ei rekkje tiltak som i stor grad vert drive av frivillige. Kyrkjene vert òg nytta noko til kulturarrangement.

GUDSTENESTELIVET
Det er eit aktivt og variert gudstenesteliv. Konfirmantane deltek som ministrantar under gudstenester, og i Kviteseid kyrkje er det søndagsskule. Den som vert tilsett må rekna med å halda om lag 52 gudstenester i året, der om lag halvparten er i Kviteseid og resten er fordelt mellom dei andre kyrkjene.

ANNA
Den som blir tilsatt må rette seg etter: 

- endringar i tenesteordning for sokneprestar og reglar om lønnsforhold og aldersgrense for geistlige tenestemenn 
- alle avgjersler som måtte bli vedtekne om tenesta og tenestestad 

Nynorsk er arbeidsspråket i kommunen. Søkjar må stadfeste at han/ho kan uttrykkje seg på båe målformer.

Kvinner vert oppmoda til å søkja 

Ved tilsetting blir det teke atterhald om at den som vert tilsett kan leggja fram ein tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest). 

Vi gjer merksam på at  opplysningar om søkanden din kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om unntak frå offentleg søkjarliste (jfr. offentleglova 25, 2. ledd). Du vil i så fall bli varsla om dette.   

 

Arbeidsoppgåver

  • Leie prestetenesta i soknet
  • Sete i Kviteseid sokneråd
  • Gudstenester og kyrkjelege handlingar
  • Konfirmantundervisning
  • Institusjonsandaktar
  • Vidareutvikle trusopplæringsarbeidet i samarbeid med andre
  • Leie samarbeid med skular og barnehagar

Kvalifikasjonar

  • Cand. theol/profesjonsstudium i teologi (etter 2004) 
  • Praktisk teologisk utdanning 
  • Må disponere eigen bil

Personlege eigenskaper

  • Gode samarbeidsevner
  • God formidlingsevne til både born og vaksne
  • Evne til nettverksbygging mellom kyrkje og lokalsamfunn
  • Evne til å sjå og inspirera dei frivillige medarbeidarane
  • Evne til å levandegjera og aktualisera den bibelske bodskapen

Vi tilbyr

  • Løn som sokneprest i stillingskode 1555
  • Etter- og vidareutdanning 
  • Godtgjersle etter gjeldande satsar 
  • Medlemskap i statens pensjonskasse 
  • Arbeidsvegleiing (ABV) 
  • Tilbod om tenestebustad

 

Kviteseid er ein liten kommune med under 2500 innbyggarar. Den ligg i hjartet av Telemark, langs Telemarkskanalen, og har gode høve til eit variert og aktivt friluftsliv innan mellom anna toppturar, jakt, fiske og ski. Her er småindustri, jordbruk og sjølvstendig næringsliv.

Kviteseid har gode oppvekstvilkår for born og unge, og eit rikt tilbod innan kultur og idrett. Administrasjonssenteret i kommunen ligg i ‘Kviteseidbyen’, ein tettstad med fleire butikkar og gode servicetilbod, samt barnehage og skule (1. – 10. trinn), stor og moderne idrettshall og idrettsanlegg. Her ligg også hovudkyrkja i soknet; den vakre Kviteseid kyrkje frå 1916. Kyrkjekontoret ligg i kommunehuset.

Sjå elles www.kviteseid.kommune.no og www.kyrkja.no/kviteseid.

I tillegg til Den norske kyrkja, er her pinsekyrkje, misjonskyrkje, Misjonshus (Normisjon) og Kvitsund Gymnas (med internat, NLM). 

 

Kontaktinformasjon:

Bjarne Nordhagen
Personasjef
 E-post:bn576@kirken.no
 
Asgeir Sele
Prost
 E-post:asgeir.sele@seljordkyrkje.no
Arbeidsgiver Agder og Telemark bispedømme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Kviteseidgata 13, 3850 Kviteseid
Publisert 2023-12-04
Søknadsfrist 2023-12-31
Stillingstype Fast, 100%
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Agder og Telemark bispedømme

Kristiansand
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger