Ein aktiv kyrkjelyd søkjer sokneprest som deler ynskjet om å vere ei misjonal kyrkje i lokalsamfunnet. Ølen og Bjoa sokn har mange frivillige medarbeidarar og satsar særleg på trusopplæring og inkluderande kyrkjeliv.
Arbeidet med gudstenesteliv, trusopplæring, konfirmantarbeid og diakoni er prioriterte arbeidsområde. Sokna i kommunen arbeider aktivt saman på ulike område. Samarbeidet mellom kyrkja, barnehagar og skular er godt. Vindafjord kyrkjelege fellesråd har kateket i 80 % stilling. I tillegg er det trusopplæringsmedarbeidarar knytt til dei ulike sokna. Det er eit aktivt organisasjonsliv i soknet. Mange frivillige medarbeidarar er knytt opp imot gudstenester og trusopplæringstiltak. Soknepresten må kunne bidra aktivt inn i kulturen soknet er prega av.
Ølen er knutepunkt for kommunikasjonen i distriktet og Bjoa har kultur-røter som strekk seg langt tilbake i tid. Her er flott natur, trivelege folk og gode tilhøve for friluftsliv.
Det er åtte kyrkjer i kommunen. To av desse ligg i Ølen og Bjoa sokn. Soknepresten i Ølen og Bjoa gjer teneste i samspel med dei to andre sokneprestane i Vindafjord kommune.Prosten samlar prestane om lag 10 gonger i året til pastoralsamlingar, som er av fagleg og sosial karakter. Desse blir lagt til ulike stadar i
Haugaland prosti, som består av 5 kommunar: Haugesund, Utsira, Tysvær, Bokn og Vindafjord.
Medlemstalet i Ølen og Bjoa sokn var i fjor 2205, medan innbyggjartalet var 3151. Kyrkjelydane har eit godt og aktivt samarbeid med kommunen. Kontoret til soknepresten ligg i Vindafjord rådhus i Ølen. Vindafjord kyrkjekontor, der kyrkjeverja held til, ligg i Skjold kyrkje.
«Der vegane møtest»: Ølen er kommunesenteret og eit knutepunkt for kommunikasjonen i distriktet. Her møtest bussar og biltrafi kk frå aust til vest, og båten frå nord. Sentrum er godt bygt ut med gode tenestetilbod innan handel og service. Her er idretts- og symjehall, barnehage, barne- og ungdomsskule
og Ølen vidaregåande skule. I Ølensvåg ligg Lundaneset vidaregåande skule. Bjoa er ei kulturbygd, med rike minne frå fortida. Her er det også store og innovative verksemder. I Ølen og i Ølensvåg er det rikt næringsliv med mange arbeidsplassar frå både inn- og utland. Her er flott natur, gode tilhøve for friluftsliv i fjell og skog, samt god tilgang til sjø og rikt båtliv. Haugesund er næraste by, ca 45 km vestover.
Cand. theol. med praktikum eller tilsvarende / Master i teologi og praktikum.
Andre opplysningar
Kontaktinformasjon: