Det er ledig stilling som kantor/kyrkjemusikar i 50 % i Ålesund kyrkjelege fellesråd med Ellingsøy sokn som arbeidsstad.
Ellingsøy sokn ligg i Ålesund kommune og utgjer saman med Borgund sokn eitt samarbeidsområde. Soknet er langstrakt og er i endring med mykje utbygging og tilflytting. Det er kort avstand mellom Ellingsøy og Ålesund sentrum.
Ellingsøy sokn har ca. 2100 medlemer. Soknet har ei arbeidskyrkje vigsla i 1998 med ca. 400 sitjeplassar, stor kyrkjelydssal med nytt lyd og lysanlegg, og kontor for tilsette. Orgelet er bygget av Ryde & Berg i 2002 og har 16 stemmer.
Soknerådet ønskjer seg ein musikar som kan engasjere seg i arbeid retta mot barn og unge. Soknet har eit stort potensiale med mange ungdomar knytta til ungdomsklubb og speidararbeid. Soknerådet ønskjer seg ein musikar som kan engasjere seg i denne aldersgruppa og som kan vere med å videreutvikle song- og musikklivet som ein del av arbeidet med å bygge kyrkjelyd. Samarbeid med lokale musikkutøvere for deltaking i gudstenester og andre kyrkjelege arrangement er viktig.
Heimeside: https://www.ellingsoy.kyrkjelyd.no
Anna
Oppstart i august, eller etter nærare avtale.
Kontaktinformasjon:
Hans Roar Aas, avdelingsleiar kyrkjelyd. tlf. 943 23 279
Oddvar Bjørge, soknerådsleiar. Tlf. 917 29 177
Søknadsfrist 14. april
Etter kommunesamanslåing frå 1.1.2020 har Ålesund 65 000 innbyggarar. Ålesund kyrkjelege fellesråd har arbeidsgivaransvar for meir enn 70 tilsette i sokna, på kyrkjegardane og i fellesrådets administrasjon. Fellesrådet har forvaltningsansvar for 16 kyrkjer og 24 kyrkjegarder, i tillegg til eit krematorium, gravkapell og ei rekke driftsbygningar. Drifts- og investeringsbudsjettet i 2020 er på over 90 millionar kroner.