Sokneprest i Otredal prosti med Valle og Hylestad sokn og Bykle sokn som tenestestad, 2 g utlysing - Agder og Telemark bispedømme

Dei to sokna øvst i Setesdal omfattar kommunane Valle og Bykle. Frå Kristiansand er det 21 mil til Hovden og 16 mil til Valle. Folketalet i Valle er i underkant av 1200, i Bykle 950. Om lag 78 % er medlem i Den norske kyrkja. Hovden, øvst i Bykle, er ein turiststad, der det er opp mot 25000 menneske i jol- og påsketida. Brokke i Valle, har òg ei stor auke i folketalet i høgtidene. Kommunane har til saman omlag 3800 hytter. Valle og Bykle er eit fantastisk område for dei som er glade i friluftsliv. Valle kommune har 2 kyrkjer, Valle (frå 1844) og Hylestad (frå 1839). Bykle kommune har 3 kyrkjer, Bykle gamle som feirar 400-års jubileum neste år (frå 1620), Bykle (frå 2004) og Fjellgardane på Hovden (frå 1957). Kyrkjene og kyrkjegardane er godt haldne ved like. Det er barne- og ungdomsskular i Bykle og i Valle. Hovden og Hylestad har barneskule. Alle stader er det òg barnehagar. Det er ein god stad å vekse opp. Setesdal vidaregåande skule har avdelingar både i Valle og på Hovden. Det er alders- og sjukeheimar i båe kommunane. Viktige næringsvegar er reiseliv og vasskraft. Nynorsk er hovudmål i kommune, skule og kyrkje. Meir info på kommunenes heimesider
Kyrkjelydane sin profil 
I begge sokna er det tilsett kyrkjeverge/kyrkjesjef i 100% stilling, der 40% av stillingane er som kyrkjelydsarbeidar. Kyrkjelydane har felles kantor/organist i 100% stilling, og prostiet har felles prostidiakon i 100% stilling. Det er kyrkjetenarar i små stillingar ved kvar kyrkje, knytt til gudstenester og kyrkjelege handlingar. Sokneprest, kyrkjesjef i Valle og organist har kontor med høg standard i det nye sentrumsbygget i Valle som også inneheld kyrkjestove og bibliotek. 

Gudstenestelivet 
Gudstenestene blir fordelt likt mellom dei 4 kyrkjene. Bykle gamle kyrkje blir brukt berre sumars tid. I påskehøgtida blir det sett inn meir ressursar, så gudstenestetilbodet blir auka. Det vert òg halde friluftsgudstenester i sokna. 

Satsingsområde
Sokna har diakoniutval og trusopplæringsutval. I kommunane er det fleire bedehus med ein del aktivitet. Samarbeidet mellom kyrkja og dei friviljuge organisasjonane er positivt og godt. Det er òg eit godt tilhøve til kommunen og andre lag og foreiningar i lokalmiljøa. Det er aktive idrottslag og rikt kulturliv blant anna med ein særprega Setesdals kultur i båe kommunane. 
Språkforma i kommunane, skulen og kyrkja er nynorsk. Det er eit godt samarbeid mellom prestane i prostiet som regelbunde møtast til samlingar. 

For øvrig 
Den som blir tilsett må rette seg etter: 
Endringar i tenesteordning for sokneprestar og reglar om lønstilhøve og aldersgrense for geistlege tenestemenn. 
Alle avgjersler som måtte bli tatt når det gjeld teneste og tenestestad. 

Søkar må stadfeste at han/ho meistrar begge målformer. 

Kvinner oppfordrast til å søke. 

Det kan bli stilt særlege krav til samlivsform i tråd med Lov om forbud mot diskriminering på grunn av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk § 16. 

Ved tilsetting blir det tatt atterhald om at den som tilsetjast kan legge fram ein tilfredsstillande politiattest.

Arbeidsoppgåver

  • presteteneste knyta til Valle og Bykle, med sete i dei to sokneråda
  • gudstenester i Valle og Bykle etter oppsett plan
  • ein må òg pårekna nokre tenester i prostiet elles
  • ansvar for konfirmantarbeidet i Valle og Bykle
  • faste andakter på alders- og sjukeheimane
  • trusopplæring og anna kyrkjelydsarbeid i samarbeid med sokneråda
  • prestane i prostiet går inn i beredskapsordning
  • deltaking i arbeidsrettleiing

Personlege eigenskapar

  • lyst og evne til å utøve pastoralt leiarskap
  • vilje til å arbeide med struktur og planlegging
  • evne til samarbeid med stab, friviljuge og sokneråd om planar og visjonar
  • evne til å formidle og forkynne evangeliet på eit levande vis til alle aldersgrupper
  • evne til kreativitet og nytenking kring fellesskap og gudstenesteliv
  • fleksibilitet, allsidigheit, openheit og evne til inkludering
  • evne til å byggje gode relasjonar, inspirere og motivere
  • evne til å knyta band mellom Setesdals kulturen og kyrkja

Vi tilbyr

  • pensjonsinnskot
  • godtgjersle etter gjeldande satsar
  • arbeidsrettleiing
  • etter- og vidareutdanning
  • prestebustaden i Valle etter gjeldende vilkår
Arbeidsgiver Agder og Telemark bispedømme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Valle
Publisert 2019-04-10
Søknadsfrist 2019-05-05
Stillingstype Fast
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Agder og Telemark bispedømme

Kristiansand
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger