Herøy kyrkjelege fellesråd Herøy er ei kystkommune lengst sør i Møre og Romdal med oppunder 9000 innbyggjarar. Øykommunen vår er bunden saman av bruer og kommunesenteret er kystbyen Fosnavåg. Øya Herøy er ein av nøkkelstadane på Kystpilgrimsleia. Kyrkja er med i nøkkelstadgruppa, og er aktiv med i pilgrimsarbeidet. Vi er landfast til flyplass i Ørsta/Volda og har god kommunikasjon til både Bergen, Oslo og Trondheim. Det tek om lag 75 minutt å reise til Ålesund. Kommunen har ein variert natur med kort veg til sjø og fjell. Sunnmørsalpane og fjordlandskapet i indre del av Sunnmøre er berre ein liten time unna. Der er det også mange moglegheiter for rekreasjon og aktivt friluftsliv. Herøy kommune har eit rikt kulturliv innan mange ulike områder og kommunen har blitt kåra til årets ungdomskommune i Møre og Romsdal i 2020 og var ein av fire finalistar i 2023 på landsbasis. I fellesrådsområdet er det tre sokn med ei kyrkje i kvart sokn, bygd i ulike hundreår. Leikanger kyrkje, Indre Herøy kyrkje og Herøy kyrkje. Kontorarbeidsplassen ligg i Herøy kyrkje og kyrkjebygget rommar kyrkjeskip, kapell, kyrkjelydssal, kyrkjestove, kontor, barne/ungdomsavdeling med eigen gymsal, amfi og lokale til open barnehage/møtestad.

Diakon og Ungdomsprest/kateket/kyrkjelydspedagog

Herøy er ei kystkommune med om lag 8 900 innbyggjarar busett på øyer bundne saman av bruer. Kommunesenteret vårt er den levande kystbyen Fosnavåg. Kommunen vår ligg heilt sør i Møre og Romsdal, og vi er landfast til flyplass i Ørsta/Volda (3 kvarter) og til Austlandet gjennom nye flotte veganlegg. Fosnavåg ligg om lag 5 kvarter reisetid sør om Ålesund. Her er ein flott og variert natur med gode høve til eit rikt friluftsliv på sjøen eller fjellet, i tillegg er det eit aktivt kulturliv innanfor mange områder. Herøy har gode skuletilbod og full barnehagedekning. I fellesrådsområdet er det 3 sokn med ei kyrkje i kvart sokn; Indre Herøy kyrkje, Leikanger kyrkje og hovudkyrkja Herøy kyrkje som ligg i Fosnavåg. Herøy kyrkje er ei stor og flott arbeidskyrkje som vart vigsla i 2003. Kyrkjebygget rommar kyrkjeskip, kapell, kyrkjelydsdel, kontor, ungdomsavdeling med eigen aktivitetshall, open barnehage og kafé. Lokala i Herøy kyrkje er svært eigna til å drive barne- og ungdomsarbeid.

 

Det er oppretta ny stilling som 100% diakon i Herøy kyrkjelege fellesråd frå 01.07.19

 

Arbeidsoppgåver for Diakon:

  • Drive diakonalt arbeid primært for barn, unge og familiar med fokus på dialogarbeid og inkludering
  • Gje tilbod om møteplassar/samtale for barn og unge
  • Utvikle nytt tilbod for ungdom i alderen 16-19 år
  • Utvikle temabaserte samtalegrupper for menneske i alle aldrar
  • Ta del i konfirmantarbeid og anna arbeid som skjer i kyrkjelydane
  • Utvikle diakoniplan for Herøy kyrkjeleg fellesråd i tråd med vedteke prosjekt

 

Kvalifikasjonar for diakon

  • Diakon med god fagleg bakgrunn (i tråd med Kvalifikasjonskrav og tenesteordning for diakonar)
  • Erfaring med planarbeid  er ønskeleg
  • Personlege eigenskapar og relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning

 

I tillegg ynskjer vi at diakonen er:

  • Fagleg dyktig med gode formidlings- og kommunikasjonsevner i møte med menneske i alle aldersgrupper og livssituasjonar
  • Glad i menneske, er god på relasjonsbygging og har evne/vilje til å la deg engasjere og å engasjere andre
  • Evne til å skape tillit

 

Det er ledig fast 100% stilling som ungdomsprest/kateket/kyrkjelydspedagog i Herøy kyrkjelege fellesråd frå 01.07.19.

 

Arbeidsoppgåver for Ungdomsprest/kateket/kyrkjelydspedagog:

  • Leie og utvikle konfirmasjonsarbeidet saman med andre tilsette
  • Ansvarleg for all undervisning i sokna
  • Ansvarleg for samarbeid mellom kyrkje og skule/barnehagar
  • Leie trusopplæringa med visjonen «I møte med Jesus» for dei 3 sokna
  • Vidareutvikle og drive trusopplæring for alle døypte frå 0-18 år i kyrkjelydane
  • Vidareutvikle gudstenester retta inn mot barn- og unge
  • Ansvar for trusopplæringsutvalet
  • Ta del i anna eksisterande kyrkjelydsarbeid for barn og unge i team med kyrkjelydspedagog, andre tilsette og frivillige
  • Medadministrator av heimeside og facebook

 

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning med pedagogikk og kristendom i fagkretsen
  • Personlege eigenskapar og relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning
  • Erfaring med planarbeid og undervisning er ønskeleg
  • Relevant erfaring frå kristent barne- og ungdomsarbeid vert vektlagt

 

 

I tillegg ynskjer vi at Ungdomspresten/kateketen/kyrkjelydspedagogen  er:

  • Ein god motivator som brenn for barn og Jesus
  • Kontaktskapande og inspirerande med evne og vilje til å skape godt samarbeid mellom heim og kyrkje
  • Glad i å arbeide med barn og ungdom
  • Gode evner til å formidle
  • Glad i song, musikk og friluftsliv
  • Erfaren i bruk av IKT-verktøy og med god kjennskap til bruk av sosiale media

 

For begge stillingane gjeld:

  • Har aktiv kommunikasjon med sokneråda og andre relevante råd/utval
  • Har gode evner til å jobbe sjølvstendig og i team
  • Har evne til å organisere, arbeide målretta og strukturert
  • Er initiativrik, ser moglegheiter og er løysingsorientert
  • Er god på å rekruttere og utruste frivillige medarbeidarar
  • Er open for samarbeid med andre kyrkjesamfunn

 

Søkjar må vere medlem av Den norske kyrkje. Det  vert lagt vekt på personlege eigenskapar og evne til samarbeid. Søkjar må kommunisere godt på norsk, både munnleg og skrifteleg. Søkjar må ha sertifikat og disponere bil. Ein del av dette arbeidet skjer på kveld – og helgetid

 

Løn og godtgjering etter gjeldande tariffavtale. Pensjonsordning i KLP.

 

Fellesrådet vil hjelpe til å skaffe husvære.

 

Spørsmål kan rettast til kyrkjeverje Marit Sævik Leinebø tlf. 70 08 02 60

 

Søknad med vitnemål og attestar vert å sende

Herøy kyrkjelege fellesråd, Lisjebøvegen 1, 6091 Fosnavåg / kyrkjeverja@heroy-kyrkje.no      innan 03.05.2019

For meir info, sjå www.heroy-kyrkje.no

 

Arbeidsgiver Herøy kyrkjelege fellesråd
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Herøy
Publisert 2019-04-11
Søknadsfrist 2019-05-03
Stillingstype Fast
Antall stillinger 2
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Herøy kyrkjelege fellesråd
Lisjebøvegen 1
6091 Fosnavåg
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger