Sokneprest i Søre Sunnmøre prosti med Indre Herøy og Leikanger sokn som særleg tenestestad.

Herøy er ei kystkommune med om lag 8 900 innbyggjarar busett på øyer bundne saman av bruer. Kommunesenteret er kystbyen Fosnavåg, og kommunen ligg heilt sør i Møre og Romsdal. Kommunen er landfast gjennom nye flotte veganlegg. Fosnavåg ligg om lag 3 kvarter frå næraste flyplass (Ørsta/Volda), og 5 kvarter reisetid sør om Ålesund. I Herøy er det fantastisk natur, og eit levande lokalmiljø, sjå www.havlandet.no. Det er full barnhagedekning, fleire barne- og ungdomsskular samt vidaregåande skule. Næringslivet i Herøy er allsidig, og det er eit godt servicetilbod til innbyggarane.

Det vert to ledige soknepreststillingar i Søre Sunnmøre prosti, med særskild teneste i sokna i Herøy kommune. Denne utlysinga gjeld Indre Herøy og Leikanger sokn. Vi gjer merksam på at soknepreststillinga i Herøy sokn også er ledig.    
 
Herøy er ei av 7 kommunar i Søre Sunnmøre prosti. Det er til saman 20 sokn i prostiet, og om lag 44 500 medlemmar i DnK. Folkekyrkja står sterkt i Herøy, dåpsprosenten er høg og dei fleste ungdomane vel kristen konfirmasjon.
 
Deler du draumen vår om at kyrkja når ut til enda fleire unge vaksne? Har du mot, lyst og tolmod til å våge å starte noko nytt? Er du god på å byggje relasjonar og synes det er kjekt å arbeide med sosiale medier? Har du lyst å kome til ein kyrkjelyd der vi har åpen barnehage, Klede til Glede, Supertorsdag, Tweens, KRIK-arbeid, kyrkjekor og eit godt trusopplæringsarbeid? Har du lyst til å ha arbeidsplassen din i Noregs mest allsidige kyrkjebygg?  Da kan det vere at ein av dei ledige stillingane i Herøy er noko for deg.

Som ein av to sokneprestar i Herøy kommune, som omfattar Herøy kyrkjelege fellesråd, har du din arbeidsstad saman med ein flott stab på 14 gode medarbeidarar med god og allsidig kompetanse; vi har diakon, 2 kyrkjelydspedagogar, kantor, organist, kyrkjetenarar, klokkar, gravplassarbeidarar, sekretær og kyrkjeverje som er gode og viktige lagspelarar! Om du kjem til Herøy kjem du til ein stad med høg kompetanse og godt arbeidsmiljø. Alle tilsette har felles arbeidsplass på kontora i Herøy kyrkje.

I fellesrådsområdet er det 3 sokn med ei kyrkje i kvart sokn. Herøy kyrkje er ei stor og flott arbeidskyrkje som vart vigsla i 2003. Kyrkjebygget rommar kyrkjeskip, kapell, kyrkjelydsdel, kontor, ungdomsavdeling med eigen aktivitetshall, open barnehage  og kafé. Lokala i Herøy kyrkje er ein stor ressurs i nærmiljøet vårt og lokala svært eigna til å drive barne- og ungdomsarbeid. Dei to nye sokneprestane vil dele på arbeidet med sokneråd, fellesråd og anna utvalsarbeid.
 
Prostiet er tenestedistrikt. Prestane i prostiet møtast jamleg til kollega- og fagsamlingar. Prestekollegiet i prostiet er ungt, og ein har eit nært og godt kollegialt fellesskap.  Prostiet er tenestedistrikt for beredskapsordninga.

Du finn meir om oss ved å sjå på Facebooksida til Herøy kyrkje, Indre Herøy kyrkje eller Leikanger kyrkje. Du kan også sjå inn på heimesida www.herøy-kyrkje.no eller www.heroy.kommune.no 

Om du synes dette ser spennande ut, er du velkommen til å sende din søknad med CV, vitnemål og referansar til vårt elektroniske system, Webcruiter. Dersom du ikkje ønsker namnet ditt på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast i søknaden. Grunnane vil bli vurdert individuelt. Dersom bispedømeadministrasjonen ikkje finn dei tilstrekkelege, vert søkjaren kontakta før søkjarlista vert offentleggjort. 

Arbeidsoppgåver
  • Soknepresten skal i tråd med "Tjenesteordning for menighetsprester" forvalte Ord og sakrament slik at kristen tru og liv blir fremja i kyrkjelyden.
  • Gudstenester, tenesteveker og beredskapsveker som blir fordelte etter oppsett arbeidsplan.
  • Ta del i trus- og konfirmantopplæring, sjelesorg og andaktar på sjuke- og aldersinstitusjonane.
  • Alle prestar i prostiet går inn i beredskapsordning.
  • Endring av tenestestad eller oppgåver kan takast opp til vurdering dersom det skulle bli aktuelt, jf. Tjenesteordning for prester §9.
Kvalifikasjonar
  • Vi søkjer etter prestar med lyst og evne til å utøve pastoralt leiarskap, men de vil også få høve til å samarbeide kollegialt og tverrfagleg. Du må kunne arbeide med struktur og planlegging og like å samarbeide med stab, frivillige, sokneråd og fellesråd om planar og visjonar.
  • Dei formelle kvalifikasjonskrava for tilsetjing som kyrkjelydsprest er å finne i "Forskrift om tilsetting av kyrkjelydsprest".
  • Søkjarar som ikkje er ordinerte, vert bedne om å gjere greie for tilhøvet til programmet "Veien til prestetjeneste"" (VTP). Ordinasjon føreset normalt fullført VTP.
  • Ordinert søkjar som er statsborgar i anna EØS-land vert gjort merksam på krav om attest som viser autorisasjon til presteteneste i Den norske kyrkja, gjeve av Kyrkjerådet, krav om medlemskap i Den norske kyrkja og krav om å beherske norsk språk, jfr Forskrift om tilsetting av menighetsprest §6.
  • Søkjer må opplyse om han/ho beherskar begge målformer. Målforma i området er nynorsk.
  • Den som får tilbod om stillinga må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Kyrkjelova §29, 2. ledd.
  • For å bli tilsett må ein ha sertifikat og kunne disponere eigen bil.
  • Med heimel i Likestillings- og diskrimineringslova § 30-2 vert opplysningar om samlivsform innhenta og kan bli vektlagt.
  • Det er innført prøvetid på 6 månader for alle faste tilsette.
  • Møre bispedøme arbeider for å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og ynskjer å legge til rette for menneske med redusert funksjonsevne.
Personlege eigenskapar
  • Interesse for menneske og gode relasjonsbyggjande eigenskapar.
  • Ha Jesus-begeistring og evne til å kommunisere.
  • Gode leiar- og samarbeidseigenskapar både med ungdom, frivillige og andre tilsette.
  • Godt strategisk blikk og fokus på å vere kyrkje for breidda av medlemmane i Den norske kyrkja.
  • Engasjement til å hoppe inn i aktiviteter som andre har starta.
  • Evne til å knytte til seg frivillige medarbeidarar.
Vi tilbyr
  • Fellesskap i eit ungt kollegium.
  • Kontorfellesskap med prest, trusopplærar, ungdomsdiakon og andre kyrkjeleg tilsette i Herøy kyrkje. Dette er ei ny og stor kyrkje med mange gode lokalitetar; kyrkjesal, kapell, kjøkken, godt ungdomslokale, aktivitetshall, open barnehage, auditorium m.m.. Eit bygg som gjev store moglegheiter for mykje god aktivitet!
  • Løn etter hovudtariffavtalen for Den norske kyrkje, lønnsgruppe 1555. Innskot i Statens pensjonskasse.
  • Godtgjersler og tilskot etter dei vilkår som til kvar tid er fastsette. Den som vert tilsett, må rette seg etter endringar i lover, tariffavtalar, særavtalar, reglement m.v og andre avgjerder som kan ha verknad på gjeremåla i tenesta.
  • Gode vilkår for kompetanseutvikling, arbeidsvegleiing (ABV) og andre former for vegleiing.
  • Godt samarbeid mellom dei tilsette i prostiet og prestane møtest regelmessig til kollega- og fagsamlingar.
Arbeidsgiver Møre bispedømme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Lisjebøvegen 1, 6091 Fosnavåg
Publisert 2021-01-07
Søknadsfrist 2021-01-15
Stillingstype Fast, 100%
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Møre bispedømme
Moldetrappa 1
6415 Molde

Arbeidsliv

Vil du bli ein av oss? Ei framtid i Surnadal på Indre Nordmøre.

Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger