Rådgjevar kommunikasjon og digitalisering ved Møre bispedømekontor.

Vil du vere med og løfte arbeidet med kommunikasjon og digitalisering i Møre bispedøme?

Det er oppretta ei 3-årig prosjektstilling som rådgjevar innanfor kommunikasjon og digitalisering. Kyrkja satsar på kommunikasjon, både nasjonalt, regionalt og lokalt, og vi leitar etter ein idérik og entusiastiske rådgjevar. Du skal bidra til å profilere kyrkja i bispedømet, og vil jobbe tett både med medarbeidarar på bispekontoret og med kontaktar i kyrkjelydane. I særleg grad skal du arbeide med vidareutvikling av intern og ekstern kommunikasjonsstrategi, vidareutvikle digitale plattformar - og vere med å styrke samhandlinga med kyrkjelydane på kommunikasjonsfeltet. Du skal også arbeide tett med Kyrkjerådet si kommunikasjonsavdeling

Dersom ein søkjar ikkje ønskjer namnet sitt på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast i søknaden. Grunnane vil bli vurdert individuelt, og dersom bispedømeadministrasjonen ikkje finn dei tilstrekkelege, vert søkjaren kontakta før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Arbeidsoppgåver
  • Kommunikasjonsfagleg ressurs og bindeledd mellom bispedøme og kyrkjelydar
  • Vidareutvikle nye kommunikasjonskanalar med vekt på sosiale medium
  • Utvikle, publisere og følgje opp kampanjar og innhald i kyrkja sine digitale kanalar
  • Vidareutvikle digitale møteplattformar
  • Bidra med kommunikasjonsfagleg kompetanse innanfor aktuelle arbeidsfelt og prosjekt
  • Kommunikasjon ved kriser og beredskap
  • Ta del i nettverk for kommunikasjonsmedarbeidarar i Den norske kyrkja
  • Tett kontakt og samarbeid med Kyrkjerådet si kommunikasjonsavdeling
  • Noko reising må reknast med
  • Sakshandsaming og andre oppgåver etter behov
Kvalifikasjonar
  • Utdanning ved høgskule/universitet innan journalistikk, kommunikasjon, markedsføring/mediefag
  • Relevant arbeidserfaring
  • Brei kommunikasjonsfagleg bakgrunn
  • God skriftleg og munnleg formidlingsevne
  • God kjennskap til Den norske kyrkja, kristen tru og tradisjon
  • Engasjement for kyrkje og samfunn
  • Medlemskap i Den norske kyrkja
  • Møre bispedøme har nynorsk som administrasjonsspråk og søkjar må opplyse om han/ho kan nytte både nynorsk og bokmål
  • Den som får tilbod om stillinga må leggje fram politiattest
  • Søkjaren må ha førarkort og disponere eigen bil
Personlege eigenskapar
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Teamorientert
  • Evne til tverrfagleg samarbeid og planlegging
  • Gode samarbeidsevner, integritet og evne til å oppmuntre, inspirere og utfordre
  • Fleksibel, evne til å ta initiativ, arbeide strukturert og sjølvstendig
Vi tilbyr
  • Løn i stillingskode 1434 Rådgjevar i tariffområde for KA. Godtgjersler og tilskot etter dei vilkår som til kvar tid er fastsette
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode kontorlokale sentralt i Molde.  Ettersom fleire tilsette har lang arbeidsreise blir det lagt til rette for at ein kan ha lokal kontorstad, men med faste møtedagar ved kontoret i Molde
  • Den som vert tilsett må rette seg etter endringar i lover, tariffavtalar, særavtalar, reglement m.m. og andre avgjerder som kan ha verknad på gjeremåla i tenesta

For nærare informasjon om denne stillinga, kontakt stiftsdirektør Bjørn Olaf Storhaug eller avdelingsleiar kyrkjefag, Arvid Helle.

 

Kontaktinformasjon:

Arvid Helle
Avdelingsleiar kyrkjefag
 41216956
 
Bjørn Olaf Storhaug
Stiftsdirektør
 92810040
 

 

Møre bispedøme omfattar Møre og Romsdal fylke. Frå 2020 består bispedømmet av 95 sokn og 25 kyrkjelege fellesråd fordelt på 6 prosti. Møre bispedømekontor er felles administrasjon for Møre biskop og Møre bispedømeråd. Bispedømerådet har økonomi-, plan og budsjettansvar, fordeler ressursar, tilset i prestestillingar og er godkjennings- og klageorgan. Møre biskop er tilsynsorgan for kyrkjeleg verksemd og tilsette, leier prestetenesta og er godkjenningsorgan for kyrkjer og lokalkyrkjeleg planverk.

Bispedømekontoret er i tidsmessige lokale og ligg sentralt i Molde. Kontoret er delt inn i Avdeling for Kyrkjefag og Avdeling Personal. Etter omorganisering er ein del merkantile funksjonar som lønn og økonomi, IT og telefoni lagt til nasjonale einingar som gjer oppgåver på vegner av bispedøma og Kyrkjerådet. All saksbehandling og store delar av møtebehandlinga er fullelektronisk. Tilsvarande gjeld for lønn, økonomi og andre merkantile funksjonar.

Arbeidsgiver Møre bispedømme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Moldetrappa 1, 6415 Molde
Publisert 2021-06-29
Søknadsfrist 2021-08-05
Stillingstype 100% heltid, engasjement
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Møre bispedømme
Moldetrappa 1
6415 Molde

Arbeidsliv

Vil du bli ein av oss? Ei framtid i Surnadal på Indre Nordmøre.

Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger