Rådgivar misjon, vennskapsarbeid, dialog og utgreiingsarbeid

Vikariat innan kyrkjefagfeltet i heil stilling, førebels for eit år.

Møre bispedømme vil at alle kyrkjelydane forstår seg sjølve som misjonerande og vil styrke fagområdet kyrkjelydsutvikling og samarbeidet mellom kyrkjelydane og organisasjonane. Bispedømmet er engasjert i vennskapavtalar med bispedømme i England og i Ungarn og arbeider aktivt for å utvikle den økumeniske dialogen i bispedømmet. Vi treng også  fleire med utgreiingskompetanse og til å arbeide med høyringssaker og til å førebu saker til rådsorgana. Stillinga er knytt til kyrkjefagavdelinga. 

Du støttar og engasjerer kyrkjelydane ved å integrere misjonale perspektiv i trusopplæring, diakoni og gudstenestearbeid og er pådrivar for å auke talet på misjonsavtalar. Du er ein fagleg ressurs for kyrkjelydane innan kyrkjelydsutvikling og arbeider for at misjon vert løfta opp og inkludert i strategiarbeid, planverk og arrangement i Møre. Du utviklar vennskapsarbeidet med Nordre bispedømme i Ungarn og med Newcastle bispedømme i England og er sentral i bispedømmet med omsyn til dialogarbeid. 

Dersom ein søkjar ikkje ønskjer namnet sitt på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast i søknaden. Grunnane vil bli vurdert individuelt, og dersom bispedømeadministrasjonen ikkje finn dei tilstrekkelege, vert søkjaren kontakta før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Arbeidsoppgåver
  • Etablere, fornye og følgje opp misjonsavtalar mellom kyrkjelydar og organisasjonane 
  • Planlegging og gjennomføring av fagdagar, kurs og arrangement. 
  • Sekretær og sakshandsamar for SMM Møre. 
  • ansvar for fagområdet kyrkjelydsutvikling
  • Utgreiingsarbeid og sakshandsaming for Møre biskop og Møre bispedømeråd. 
  • Representere Møre bispedømme i regionalt STL-forum 
  • Noko reising må reknast med
  • Utføre sakshandsaming innanfor eigne saksfelt. Alt etter behov, kompetanse og interesse kan det bli aktuelt å overføre saksområder mellom rådgivarane  
  • Stillingen tek del etter turnus som adm. ressurs ved visitasar
  • Gi råd og framsnakke kyrkjelydane  
Kvalifikasjonar
  • Høgskule/universitetsutdanning innan kyrkjefag, undervisning, diakoni eller teologi
  • Relevant erfaring kan erstatte manglande formalkompetanse
  • Kunnskap om og erfaring med bruk av sosiale medium
  • God skriftleg og munnleg formidlingsevne
  • God kjennskap til Den norske kyrkja, kristen tru og tradisjon
  • Medlem av Den norske kyrkja
  • Møre bispedøme har nynorsk som administrasjonsspråk og søkjar må opplyse om han/ho kan nytte både nynorsk og bokmål
  • Den som får tilbod om stillinga må leggje fram politiattest
  • Søkjaren må ha førarkort og disponere eigen bil
Personlege eigenskapar
  • Evne til tverrfagleg samarbeid og planlegging.
  • Gode samarbeidsevner, integritet og evne til å oppmuntre, inspirere og utfordre.
  • Fleksibel, evne til å ta initiativ, arbeide strukturert og sjølvstendig.
Vi tilbyr
  • Løn i stillingskode 1434 Rådgivar i tariffområde for KA. Godtgjersler og tilskot etter dei vilkår som til kvar tid er fastsette
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Fleksibel arbeidstid
  • Gode kontorlokale sentralt i Molde. Ettersom fleire tilsette har lang arbeidsreise blir det lagt til rette for at ein kan ha lokal kontorstad, men med faste møtedagar ved kontoret i Molde
  • Den som vert tilsett må rette seg etter endringar i lover, tariffavtalar, særavtalar, reglement m.m. og andre avgjerder som kan ha verknad på gjeremåla i tenesta

For nærare informasjon om denne stillinga, kontakt stiftsdirektør Bjørn Olaf Storhaug eller avdelingsleiar kyrkjefag Arvid Helle.

 

Møre bispedømme omfattar Møre og Romsdal fylke og består av 96 sokn og 32 kyrkjelege fellesråd fordelt på 7 prosti. Møre bispedømmekontor er felles administrasjon for Møre biskop og Møre bispedømmeråd. Bispedømmerådet har plan-, budsjett- og økonomiansvar, fordeler ressursar, tilsett i prestestillingar og er godkjennings- og klageorgan. Møre biskop er tilsynsorgan for kyrkjeleg verksemd og tilsette, leier prestetenesta og er godkjenningsorgan for kyrkjer og lokalkyrkjeleg planverk. 

Bispedømmekontoret er i tidsmessige lokale og ligg sentralt i Molde. Kontoret er delt i to fagavdelingar; Avdeling Kyrkjefag og Avdeling HR. Etter omorganisering er ein del merkantile funksjonar innanfor arkiv, økonomi/løn, IT og telefoni er lagt til nasjonale einingar som gjer oppgåver på vegner av bispedømma og Kyrkjerådet. All sakshandsaming og store delar av møtehandsaminga er fullelektronisk, tilsvarande gjelder for økonomi/løn og andre merkantile funksjonar.  

Arbeidsgiver Møre bispedømme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Moldetrappa 1, 6415 Molde
Publisert 2021-10-05
Søknadsfrist 2021-10-29
Stillingstype Vikariat, 100% heltid
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Møre bispedømme
Moldetrappa 1
6415 Molde

Arbeidsliv

Vil du bli ein av oss? Ei framtid i Surnadal på Indre Nordmøre.

Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger