Det er ledig stilling som sokneprest i Søre Sunnmøre prosti, med særskilt teneste i sokna Herøy, Indre Herøy og Leikanger.
Vi søkjer etter ein prest som trivs med å arbeide tverrfagleg som ein del av ein stor kyrkjestab, men også kan arbeide sjølvstendig, der det trengs. Det er 3 sokn og 3 kyrkjer i Herøy kommune/ fellesrådsområde: Leikanger, Indre Herøy og Herøy.
I Herøy arbeider vi med heilskapeleg tenkning kring både gudstenesteplanlegging, diakoni, kyrkjemusikk og trusopplæring.
Dei to prestane som gjer teneste i fellesrådsområdet, deler tenesteveker og andre oppgåver seg imellom, men den eine soknepresten er koordinerande sokneprest for heile Herøy. Det er den andre soknepreststillinga som er ledig no. Begge sokneprestane sit i sokneråd. Vi har to flotte rikt utsmykka trekyrkjer (Leikanger kyrkje og Indre Herøy kyrkje) som er gode til kyrkjelege handlingar og konsertar. Så har vi ei arbeidskyrkje som heiter Herøy kyrkje.
Herøy kyrkje er kanskje «Norges mest mangfaldige kyrkje», ei kyrkje som er i bruk kvar dag og fleire gonger om dagen. Her er ein aktiv og levande kyrkjelyd med eit rikt song og musikkliv, mellom anna kyrkjekor og eit nystarta Knøttekor. Kyrkjelyden har eit godt samarbeid med andre organisasjonar i lokalsamfunnet og den vidaregåande skulen som ligg like ved Herøy kyrkje.
Herøy er ein øy-kommune, og midt i Herøyfjorden ligg øya Herøy som er «Nøkkelstad på Kystpilegrimsleia». Det betyr at prestane har også fokus på å vere med å vidareutvikle pilegrimstilbodet på nøkkelstaden.
Kyrkjelydane ynskjer å vere ein plass der alle kjenner seg velkomne! Den kyrkjelege administrasjonen i kommunen er samlokalisert på kyrkjekontoret i Herøy kyrkje, nær Fosnavåg sentrum. Staben utgjer elles diakon, kantor, klokkarar, deltidsorganist, to kyrkjelydspedagogar, kyrkjeverje, kyrkjetenarar og sekretær.
Prostiet er tenestedistrikt, og prestane i prostiet møtest regelmessig til kollega- og fagsamlingar. Prostiet er også tenestedistrikt for beredskapsordninga.
Du finn meir om oss ved å sjå på facebook ved å søke på namnet på kyrkjene. Du kan også sjå inn på heimesida https://www.heroy-kyrkje.no
Om du synes dette ser interessant ut, er du velkommen til å sende din søknad med CV, vitnemål og referansar til vårt elektroniske system, Webcruiter. Dersom du ikkje ønsker namnet ditt på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast i søknaden. Grunnane vil bli vurdert individuelt. Dersom bispedømeadministrasjonen ikkje finn dei tilstrekkelege, vert søkjaren kontakta før søkjarlista vert offentleggjort.
Anna
Herøy er ei kystkommune med om lag 8 900 innbyggjarar busett på øyer bundne saman av bruer. Kommunesenteret vårt er den levande kystbyen Fosnavåg. Kommunen vår ligg heilt sør i Møre og Romsdal, og vi er landfast til flyplass i Ørsta/Volda (3 kvarter) og til Austlandet gjennom flotte veganlegg. Fosnavåg ligg om lag 5 kvarter reisetid sør om Ålesund. I Herøy er det fantastisk natur med gode moglegheiter til eit aktivt friluftsliv på sjøen eller i fjellet, og her er eit levande lokalmiljø (sjå www.havlandet.no). Herøy har gode skuletilbod og full barnehagedekning. Næringslivet i Herøy er allsidig, og det er eit godt servicetilbod til innbyggarane. Herøy kommune har 3 sokn med ei kyrkje i kvart sokn. Kommunen har 8 gravplassar.
Kontaktinformasjon: